Fluberg stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°46′28″N 10°14′28″E Fluberg stavkyrkjee stod ved Fluberg prestegard, om lag ein kilometer frå dagens Fluberg kyrkje. Kyrkja var frå gamal tid hovudkyrkja i Land.

«Flughubærghs sokn» er omtala i 1330[1] og «Erlinger prester a Flughuberghi» i 1337.[2] Nicolay Nicolaysen seier om kyrkja: «Den ældre kirke var en stavbygning, ifølge regnskabet for 1694 med „tvister eller svaler rundt om”.»[3] Ifølgje ei jubileumsbok for Fluberg kyrkje[4] skal kyrkja ha hatt tårn, og omtalen av «dett offuerste tagh» i 1622 vert teke til inntekt for at kyrkja hadde høgt midtrom. Ho hadde svalgangar i nord og sør, men desse vart rivne på midten av 1600-talet, og kyrkja fekk utvendig bordkledning og større vindauge. Av Povel Huitfeldt si stiftsbok[5] (1577) kan ein sjå noko av inventaret på 1500-tallet, m.a. med to klokker og to handklokker (moglegvis messeklokker frå katolsk tid), ein sylvkalk med disk, ein kalk og disk av forgylt koppar. Av ei inventarliste frå 1686 ser ein at kyrkja har ei ny stor klokke i ein støpul.[6]

Staden der stavkyrkja stod, var ikke heilt tørr, og ny kyrkje vart oppført lengre unna fjorden og innvigd i 1703. Stavkyrkja vart riven. Det vart sett opp ei informasjonstavle på den gamle kyrkjestaden i 1994.[6]

Gjenstandar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Altartavla[7] i Landåsbygda kyrkje skal stamme frå Fluberg stavkyrkje.[6] Ei dåpskanne frå stavkyrkja er i privat eige.[8] I og med at kongeportretta som heng i dagens Fluberg kyrkje, går heilt attende til Kristian I, er det nærliggjande å tru at mange av dei er overførte frå stavkyrkja. Altarsylv skal òg ha blitt overført.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum IX:101
  2. Diplomatarium Norvegicum III:189
  3. Nicolay Nicolaysen (1862–66). Norske fornlevninger. En oplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre en reformationen og henførte til hver sit sted. Foreningen til Norske fortidsminnesmerkes bevaring. s. 109. 
  4. Langseth, s. 17.
  5. Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 180. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Langseth, s. 18.
  7. Avbilda på Kyrkjesøk.
  8. Langseth, s. 21.
  9. Storsletten & Havran, s. 121.