Flugeskvettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flugeskvettar


Gulbrystflugeskvett, Eopsaltria australisFoto: Flagstaffotos
Gulbrystflugeskvett, Eopsaltria australis
Foto: Flagstaffotos

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Petroicidae
Vitskapleg namn
Petroicidae
Mathews, 1919-20

Flugeskvettar omfattar 46 fugleartar i 13 slekter i familien Petroicidae. Alle er endemiske til Australasia: Ny-Guinea, Australia, New Zealand og ei rekkje Stillehavsøyar så langt aust som til Samoa. Lokalt blir artar i familien kalla tilsvarande dei norske nemningane raudstrupar, krattraudstrupar og flugesnapparar. Dei er likevel berre fjernt i slekt med flugesnapparar, Muscicapidae, som andre artar med slike namn høyrer inn i, og med monarkflugesnapparar, Monarchidae.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste artane har ei tettvaksen kroppsbygging med eit stort, avrunda hovud, eit kort, rett nebb, og avrunda vengespissar. Dei er utbreidde i eit breitt spekter av skogkledde naturtypar, frå subalpin til tropisk regnskog, og frå mangrovesumpar til halvtørr krattskog. Alle er primært insektetande, sjølv om nokre få supplerar føda med frø. Det sosiale systemet er vanlegvis bygd på langsiktige parsamband og små familiegrupper. Nokre slektar praktiserer samarbeidande hekking, der alle i familien hjelper med å forsvare eit territorium med føde for ungar.

Reiret er koppforma, vanlegvis konstruert av hoa, og ofte plassert i ein vertikal forgreining av eit tre eller ein busk, mange artar er ekspertar på å leggje mose, bork eller lav på utsida av reiret som kamuflasje, noko som gjer det svært vanskeleg å oppdage, jamvel når det er lagt på ein tilsynelatande framtredande plass.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Flugeskvettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Slekt Amalocichla

Slekt Monachella

Slekt Microeca

Slekt Eugerygone

Slekt Petroica

Slekt Melanodryas

Slekt Tregellasia

Slekt Eopsaltria

Slekt Poecilodryas

Slekt Peneothello

Slekt Heteromyias

Slekt Pachycephalopsis

Slekt Drymodes





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]