Flugeskvettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flugeskvettfamilien)
Hopp til navigering Hopp til søk
Flugeskvettar


Gulbrystflugeskvett, Eopsaltria australis Foto: Flagstaffotos
Gulbrystflugeskvett, Eopsaltria australis
Foto: Flagstaffotos
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Petroicidae
Vitskapleg namn
Petroicidae
Mathews, 1919-20

Flugeskvettar omfattar 47 fugleartar i 13 slekter i familien Petroicidae. Alle er endemiske til Australasia: Ny-Guinea, Australia, New Zealand og ei rekkje Stillehavsøyar så langt aust som til Samoa. Lokalt blir artar i familien kalla tilsvarande dei norske nemningane raudstrupar, krattraudstrupar og flugesnapparar. Dei er likevel berre fjernt i slekt med flugesnapparar, Muscicapidae, som andre artar med slike namn høyrer inn i, og med monarkflugesnapparar, Monarchidae.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste artane har ei tettvaksen kroppsbygging med eit stort, avrunda hovud, eit kort, rett nebb, og avrunda vengespissar. Dei er utbreidde i eit breitt spekter av skogkledde naturtypar, frå subalpin til tropisk regnskog, og frå mangrovesumpar til halvtørr krattskog. Alle er primært insektetande, sjølv om nokre få supplerar føda med frø. Det sosiale systemet er vanlegvis bygd på langsiktige parsamband og små familiegrupper. Nokre slektar praktiserer samarbeidande hekking, der alle i familien hjelper med å forsvare eit territorium med føde for ungar.

Reiret er koppforma, vanlegvis konstruert av hoa, og ofte plassert i ein vertikal forgreining av eit tre eller ein busk, mange artar er ekspertar på å leggje mose, bork eller lav på utsida av reiret som kamuflasje, noko som gjer det svært vanskeleg å oppdage, jamvel når det er lagt på ein tilsynelatande framtredande plass.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Flugeskvettar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Amalocichla

  • Storpapuaskvett, Amalocichla sclateriana, Greater Ground-Robin, De Vis, 1892, (LC)
  • Dvergpapuaskvett, Amalocichla incerta, Lesser Ground-Robin, Salvadori, 1876, (LC)

Slekt Monachella

Slekt Microeca

Slekt Eugerygone

Slekt Petroica

Slekt Melanodryas

Slekt Tregellasia

Slekt Eopsaltria

Slekt Poecilodryas

Slekt Peneothello

Slekt Heteromyias

Slekt Pachycephalopsis

Slekt Drymodes

  • Papuakrattskvett, Drymodes beccarii, Papuan Scrub-Robin, Salvadori, 1876, (LC)
  • Nordkrattskvett, Drymodes superciliaris, Northern Scrub-Robin, Gould, 1850, (LC)
  • Sørkrattskvett, Drymodes brunneopygia, Southern Scrub-Robin, Gould, 1841, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]