Flukta frå Oslo 9. april 1940

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kampane i Sør-Noreg

Flukta frå Oslo 9. april 1940 fann stad då den norske regjeringa, medlemmane av Stortinget, kongen og kronprinsen av Noreg og tenestemenn i sentraladministrasjonen forlét Oslo 9. april 1940 etter at tyske styrkar hadde angripe Noreg. Flukta gjekk hovudsakleg gjennom dei enno frie indre delane av Austlandet via Åndalsnes og Molde til Tromsø, nokon flykta frå Austlandet til Sverige. Undervegs vart det halde stortingmøte og statsråd der det vart gjort vedtak om den vidare styringa av Noreg. På Elverum stod flyktningane i fare for å verte innhentast av tyske styrkar, og i Nybergsund slapp dei såvidt unna tysk flyangrep. I Gudbrandsdalen i april var dei i fem dagar sperra inne mellom framrykkande tyske styrkar sørfrå, og fallskjermstyrkar ved Dombås. Evakuering sjøvegen skjedde med britiske fartøy. Kongen og kronprinsen forlét landet 7. juni frå Tromsø og vart verande i eksil i Storbritannia til landet var frigjort og alliert okkupasjon avslutta 7. juni 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]