Fluoritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fluoritt
3192M-fluorite1.jpg
Mørkegrøn isolert fluorittkrystall som syner kubiske og åttesidige sider. Få Erongofjellet i Namibia (storleik: 50 mm x 27 mm, krystall storleik: 19 mm brei, 30 g)
Generelt
KategoriHalidmineral
Kjemisk formelCaF2
Strunz-klassifisering03.AB.25
KrystallsymmetriIsometrisk H–M Symbol 4/m 3 2/m
Einingscellea = 5.4626 Å; Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus, kvit, lilla, blå, grøn, gul, oransje, raud, rosa, brun, blåsvart; vanlegvis i soner; kan vere alle fargar i spektrumet
KrystallformOpptrer som velforma, grove krystallar, òg kuleforma, botryoidal, sjeldan skiveforma eller trådaktig; korna, massive
KrystallsystemIsometrisk, cF12, Romgruppe Fm3m, nr. 225
TvillingVanleg på {111}, gjennomtrengande, flattrykt
KløyvÅttesidig, perfekt på {111}, deling på {011}
BrotUndermuslig til ujamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala4 (definerande mineral)
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.175–3.184; til 3.56 om han har sjeldne jordmetall
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop; svak anisotropi
Brytingsindeks1.433–1.448
Smeltbarheit3
Andre eigenskaparstundom fosforescens når oppvarma eller skrapt. Andre varietetar fluorescerer
Kjelder[1][2][3]

Fluoritt eller flusspat er eit mineral som kan ha alle moglege fargar, men som oftast er fiolett. Det er særs vanleg, særleg på gangar og sprekker i granittar og kontaktsonene deira. Mineralet krystalliserer kubisk. Kjemisk sett er det eit kalsiumfluorid, CaF2. I mange tilfelle viser mineralet fluorescens, som vil sei at det sender ut lys av ulik fare når det vert utsett for ultrafiolett lys. Ein kan òg finne fosforescens, slik at lysutsendinga fortset i kortare eller lengre tid etter at strålinga har enda. I tillegg kan einskilde fluorittar syne termoluminescens, som vil sei at dei sender ut lys ved svak oppvarming.

Mineralet har stor økonomisk tyding, og har namnet sitt frå nytta i metallurgiske smelter som eit flussmiddel. I tillegg til i smelteindustrien vert det nytta i emalje- og glasindustrien til framstilling av kjemikal (flussyre). Feilfrie krystall blir brukt til optiske føremål.

Det har tidlegare vore drift på fluoritt fleire stader i Noreg, særleg kring Kongsberg og Telemark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Fluorite». Handbook of Mineralogi (PDF). III (Halides, Hydroksids, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209724. Henta December 5, 2011. 
  2. Fluorite. Webmineral.com
  3. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, s. 324–325, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
  • Raade, Gunnar (31. oktober 2012). «Fluoritt». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fluoritt