Flussyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generelle eigenskapar
Namn Flussyre
Kjemisk formel HF
Utsjånad Fargelaus løysing
CAS-nummer 7664-39-3
Fysikalske eigenskapar
Atommasse 20.1 amu
Smeltepunkt 190 K (-83 °C)
Kokepunkt 294 K (19.5 °C)
Tettleik 0.97 ×10³ kg/m³ (væske)
Løyselegheit blandbar med vatn
Termokjemi
ΔfH0gas ? kJ/mol
ΔfH0liquid ? kJ/mol
ΔfH0solid ? kJ/mol
S0gas, 1 bar ? J/mol·K
S0liquid, 1 bar ? J/mol·K<
S0solid ? J/mol·K
Tryggleik
Svelging Giftig, oftast dødeleg.
Innanding Giftig, dødeleg i konsentrasjonar >200ppm, ikkje-dødelege dosar kan gje lungeødem.
Hudkontakt Absorberast gjennom hud. Gjev nerve-, bein- og organskade. Kan vera dødeleg.
Augekontakt Stor risiko for blindheit.
SI-einingar er brukt der ikkje anna er opplyst. Standard temperatur og trykk er brukt.

Flussyre er ei svak syre med kjemisk formel HF. Det er hydrogenfluorid oppløyst i vatn. Flussyre dannar hydrogenbindingar. Sidan syra reagerer med glas må ho oppbevarast i plastemballasje.

Syra er etsande sjølv i små konsentrasjonar. Dessutan kan fluoridionet trenga inn i hud og binda seg til kalsium. Får ein flussyre på huda kan det gjera skade etter fleire timar.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Mineralet fluorspar (kalsiumfluorid CaF2) og svovelsyre vert brukt til å produsera flussyre etter likninga:

CaF2 + H2SO4 -> 2HF + CaSO4

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Flussyre løyser oksid godt. Derfor kan syra brukast til å reinsa metall som uran og aluminium. Ho vert òg brukt til å etsa glas og som råstoff i produksjon av sambindingar som inneheld fluorid.

Modell av hydrogenfluorid. Hydrogen er vist med kvitt og fluor med grønt
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.