Flyktninghjelpen
Flyktninghjelpen | |
![]() | |
Type | Stifting[1] |
---|---|
Org.nummer | 977 538 319 |
Skipa | 1946 |
Hovudkontor | Prinsens gate 2, Oslo |
Opphav | Europahjelpen |
Generalsekretær | Jan Egeland[2] |
Tilsette | 6 000[3] |
Motto | Rights respected and people protected |
Nettstad | www |
Flyktninghjelpen er ein humanitær organisasjon basert i Noreg som har som mål å hjelpa og støtta rettane til menneske på flukt.[3] Flyktninghjelpen er religiøst og partipolitisk uavhengig og tilbyr hjelp, vern og ei røyst til flyktningar og internt fordrivne
Majoriteten av dei rundt 6000 medarbeidarane i organisasjonen er lokalt tilsette i om lag 30 konfliktområde (2017) i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Hovudkontoret ligg i Oslo og har rundt 200 tilsette. I tillegg er organisasjonen representert i Brussel, Genève, Addis Abeba, Dubai og Washington.[4]

Organisasjonen er ei vidareføring av Europahjelpen, som blei oppretta i 1946. Han heitte Det Norske Flyktningeråd fram til 1992 og Flyktningerådet fram til 2005, då han fekk namnet Flyktninghjelpen.[5] På engelsk er han kjend som Norwegian Refugee Council, NRC. Han har eit tett samarbeid med SN sin høgkommissær for flyktningar og fleire andre SN- og internasjonale bistandsorganisasjonar.[5]
Verkeområde[endre | endre wikiteksten]
Flyktninghjelpen har seks område som spesialfelt for å hjelpa folk som flyktar: [6]
- Mattryggleik
- Tilgang på reint vatn
- Husly
- Leirdrift
- Rettshjelp
- Utdanning
I tillegg ser organisasjonen seg som ein talsmann for flyktningar som kan gje informasjon og påverka politikken til støtte for flyktande sine rettar.
Organisasjonen driv eit dokumentasjonssenter om internt fordrivne, Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC). Senteret blei skipa i 1998 og har base i Genève. Det kartlegg og rapporterte om situasjonen til menneske som er på flukt i eige land.
Flyktninghjelpen driv også ein beredskapsstyrke, NORCAP, som bistår SN, andre internasjonale organisasjonar, regionale institusjonar og nasjonale styresmakter i samband med humanitære krisesituasjonar. Styrken omfattar rundt 1000 kvinner og menn som raskt kan reisa kvar som helst i verda. NORCAP er finansiert av det norske Utanriksdepartementet (UD).
Utdeling av prisar[endre | endre wikiteksten]
Kvart år deler Flyktninghjelpen ut Perspektivprisen til personar eller media som har utmerka seg ved å formidla internasjonale nyhende og kasta lys over internasjonale spørsmål. I 2011 vann Sidsel Wold, Midtausten-korrespondent i NRK, prisen. I 2012 gjekk han til VG-fotograf Espen Rasmussen og i 2013 til Aftenposten Junior.[7][8][9]
Flyktninghjelpen bidreg også til å organisera seremonien rundt utdelinga av Nansenprisen (engelsk The Nansen Refugee Award), som blir delt ut årleg av SN sin høgkommissær for flyktningar for framifrå innsats for flyktningar.
Generalsekretærar i Flyktninghjelpen[endre | endre wikiteksten]
- Knut Okkehaug 1953-1956
- Arne Fjellbu 1956-1960
- Wilhelm S. Bøe 1960-1980
- Ruth Ryste 1980
- Eva Dunlop 1981-1990
- Trygve G. Nordby 1990-1994, 1995-1997
- Gunnar F. Andersen 1994-1995
- Ola Metliaas 1997-1999
- Steinar Sørlie 2000-2002
- Raymond Johansen 2002-2005
- Thomas Colin Archer 2006-2008
- Elisabeth Rasmusson 2008-2013
- Jan Egeland 2013-
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret
- ↑ Generalsekretær Jan Egeland
- ↑ 3,0 3,1 «Om oss». Flyktninghjelpen. Henta 17. november 2017.
- ↑ «Her jobber vi». Flyktninghjelpen. Henta 17. november 2017.
- ↑ 5,0 5,1 «Flyktninghjelpen». Store norske leksikon. 29. april 2015.
- ↑ «Slik jobber vi». Flyktninghjelpen. Henta 17. november 2017.
- ↑ Sidsel Wold Arkivert 1. november 2012 på Wayback Machine.
- ↑ Aftenposten Junior
- ↑ Espen Rasmussen Arkivert 5. januar 2015 på Wayback Machine.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Flyktninghjelpen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2017.