Flyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyr
Flyr (logo).svg
Flyr 737-800.png
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.925 566 004
Skipa14. august 2020
StyreleiarErik G. Braathen
Dagleg leiarBrede Huser
Tilsette300
Nettstadhttps://www.flyr.no/

Flyr AS er eit norsk lågprisflyselskap. Selskapet flyr mellom norske byar og innan Europa. Flyr har omtrent 300 tilsette.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Flyselskapet vart etablert av Erik G. Braathen hausten 2020 under koronapandemien.

Flyr kunngjorde i januar 2021 at selskapet skulle operere med fly av typen Boeing, og at selskapet sumaren 2021 i første omgang skulle starte med flygingar frå Oslo til Tromsø, Harstad/Narvik, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger, København, Nice, Barcelona, Alicante og Malaga.[2] I april 2021 annonserte selskapet at planlagt start av første rute er den 30. juni 2021. Samstundes vart det òg gjort kjend at selskapet ønskte å opprette ruter til Alta, Molde, Ålesund og Haugesund.[3] Den 4. juni 2021 tok Flyr imot sitt aller første fly med registreringa LN-FGA, flyet var av typen Boeing 737-800 som i åtte år alt hadde vore nytta av det tyrkiske flyselskapet Pegasus Airlines. Flyet landa på Oslo Lufthavn Gardermoen litt over klokka 12:00, som vart ein historisk dag for norsk luftfart. Ved utgangen av 2021 sikra Flyr seg ein flåte på 6-8 fly som ville avslutte fase nummer ein av driftsplanen deira. Den aller første kommersielle flyginga fann stad den 30. juni 2021 frå Oslo Lufthavn Gardermoen til Tromsø Lufthavn Langnes.[4]

Flyrs fordelsprogram, Flyr+, hadde 195.000 medlemar den 30. juni 2022.[5] Flyr har i overkant av 200.000 passasjerar per månad.[1]

Etter at Flyr offentleggjorde kvartalsrapporten for tredje kvartal i 2022 kom det fram at selskapet hadde gått med underskot på 453 millionar kroner. Selskapet var like ved å gå konkurs etter at dei hadde brukt opp heile kapitalen sin, fylgjeleg ville selskapet henta 430 millionar kroner i ein ny retta emisjon. Denne emisjonen førte ikkje fram, men Flyr vart redda like før konkurs av toppinvestorane som hadde laga sin eigen redningsplan for selskapet.[6][7]

Destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Flyr har totalt 44* ruter fordelt på 38 ulike reisemål i Noreg og Europa.[5]

Destinasjonane Flyr flyr til
By Land IATA Lufthamn Kommentar
Oslo Noreg OSL Oslo lufthamn, Gardermoen
Tromsø Noreg TOS Tromsø lufthamn, Langnes
Bodø Noreg BOO Bodø lufthavn, Bodø
Harstad / Narvik Noreg EVE Harstad / Narvik lufthamn, Evenes
Bergen Noreg BGO Bergen lufthamn, Flesland
Trondheim Noreg TRD Trondheim lufthamn, Værnes
Stavanger Noreg SVG Stavanger lufthamn, Sola
Alicante Spania ALC Alicante lufthamn
Las Palmas de Gran Canaria Spania LPA Gran Canaria internasjonale lufthamn Stansa januar 2022
Málaga Spania AGP Málaga lufthamn
Barcelona Spania BCN Barcelona El Prat
Palma de Mallorca Spania PMI Son Sant Joan lufthamn Frå mars 2022
Nice Frankrike NCE Côte d'Azur internasjonale lufthamn
Paris Frankrike CDG Charles de Gaulle internasjonale lufthamn
Grenoble Frankrike GNB Alpes-Isère internasjonale lufthamn Frå februar 2022
København Danmark CPH København lufthamn, Kastrup
Roma Italia FCO Leonardo da Vinci internasjonale lufthamn
Milano Italia BGY Orio al Serie lufthamn Frå februar 2022
Berlin Tyskland BER Berlin Brandenburg Frå mars 2022
Brussel Belgia BRU Brussel lufthamn Frå mai 2022
Genève Sveits GVA Genève internasjonale lufthamn Frå februar 2022
Salzburg Austerrike SZG Salzburg lufthamn Frå mars 2022
Zadar Kroatia ZAD Zadar lufthamn Frå april 2022

Flyflåte[endre | endre wikiteksten]

LN-FGB (tidlegare TC-CPJ) – Boeing 737-800 eigd av Flyr AS.

Flyr opererer med flytypane Boeing 737-800 og Boeing 737 MAX. Flyr har til saman 12 fly.[8]

Talet på fly Sete Merknad
Boeing 737-800 6 189 Leigde
Boeing 737 MAX 8 6 189 Leigde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om Flyr», Flyr.com (på norsk bokmål), henta 16. januar 2023 
  2. Mikalsen, Av: Knut-Erik (19. januar 2021), «Slik blir rute-nettverket til det nye norske flyselskapet», flysmart24.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2022 
  3. Mikalsen, Av: Knut-Erik (9. april 2021), «Billetter snart i salg - første avgang er bestemt», flysmart24.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2022 
  4. «Flyrs første tur gikk i rute: – Vet vi har litt å jobbe med», e24.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2022 
  5. 5,0 5,1 «Ettårsjubileum for Flyr: - Stolte av å ha blitt en reell utfordrer», News Powered by Cision (på norsk bokmål), henta 9. september 2022 
  6. Bøe, E. & Nilsen, A. A. (3. november 2022). «Flyr vil hente 430 millioner i kriseemisjon». e24. Henta 16. januar 2023. 
  7. Bøe, E. (16. november 2022). «Flyr-aksjonærene stemte ja til redningsplan». e24. Henta 16. januar 2023. 
  8. «Flyr Fleet Details and History», www.planespotters.net, henta 9. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Flyr