Flysch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Karpatisk flysch

Flysch (av sveitsisk-tysk for «smuldrande») er leir- og sandsediment som er dårleg sorterte og meir eller mindre kalkhaldige, avsett av slamstraumar (turbidittar) eller ved utrasingar under havet. Flyschsediment karakteriserer område med geologisk ustabile tilhøve eller store høgdeskilnader, og finst ofte i samband med fjellkjeder. Kan dannast på grunt vatn, men er meir alminneleg på store havdjup (2000–4000 m). Flysch vart først skildra i Alpane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Flysch. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013 frå http://snl.no/flysch.