Flyspot Rocks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyspot Rocks
klippe
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°35′S 68°19′W / 68.583°S 68.317°W / -68.583; -68.317
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Flyspot Rocks
68°35′00″S 68°19′00″W / 68.5833°S 68.3167°W / -68.5833; -68.3167
Flyspot Rocks is located in Antarktis
Flyspot Rocks (Antarktis)

Flyspot Rocks er nokre holmar på 35 moh, som ligg 25 km nordvest for Terra Firma Islands i Marguerite Bay. Holmane er isdekte på sørsidenen, men hovudsakleg isfrie på nordsida. Dei vart truleg oppdaga i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot som plasserte ei «tvilsam» øy litt lenger nordvest. Gruppa vart grovt skissert frå lufta av British Graham Land Expedition (BGLE) på ein flytur 1. februar 1937. Dei vart vitja og kartlagte i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey. Namnet kom av at dei på eit kart frå BGLE likna på flogeskit.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Flyspot Rocks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. januar 2014. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Flyspot Rocks» (innhald frå Geographic Names Information System).