Hopp til innhald

Flytande øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyteholme i Pirttijärvi i Overtorneå kommuna i Norrbottens län.
Flyteholme i Lundsjøen-Dammsjøen ved Erstavik i Stockholm.

Ei flytande øy eller ein flyteholme er eit naturleg objekt som flyter på overflata av ein vassmasse og som ikkje sit fast på botnen. Nokre kunstige flytande øyar kan vera pongtongar. Flytande øyar er ikkje landmassar og tel derfor ikkje som ekte øyar, sjølv om dei delvis består av jord.

Naturleg prosess

[endre | endre wikiteksten]

Flytande øyar kan oppstå på ulike måtar. Nokre har vore ein del av strandlinja som blei løyst under ein flaum eller ei kunstig heving av vassnivået. Om ei flytande øy varer ved over tid kan det finnast vegetasjon på henne, til og med små tre.

Ein flyteholme blir halden oppe av inneslutta gasar som aukar oppdrift hans. Mikroorganismar og soppar dannar gasar som metan og karbondioksid. I den kalde delen av året kan ein fyteholme synke under vatnet for å flyta opp igjen når varmen og gassproduksjonen aukar.

Globalt fenomen

[endre | endre wikiteksten]

Nokre flytande øyar er meir enn hundre meter lange. Dei finst blant anna på store elver som Amazonas og større innsjøar som Titicacacasjøen, der folk til og med buset seg.[1] El Ojo i Argentina er ei rund øy med ein diameter på 120 meter som sakte roterer.[2]

Flytande øyar av pimpstein frå vulkanutbrot under havoverflata kan danne store øyar som flyt i fleire år før dei søkk. I 2019 blei ei slik flytande øy av pimpstein på 150 kvadratkilometer oppdaga nær Tonga i Stillehavet. Dei flytande øyane blir danna ved utbrot som skjer på grunt vatn, og i dette området dukkar dei opp med kring fem år mellomrom. Dei fører med seg plantar, koral og anna dyreliv for så å søkka etterkvart.[3][4]

Døme på vatn med flyteholmar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «Öar som inte vill sitta fast» (på svensk). 23. juli 2013. 
  2. «El Ojo», Google maps, henta 9. desember 2022 
  3. «Ön av flytande pimpsten var stor som Malmö kommun», Ny Teknik, 29. august 2019, henta 30. august 2019 
  4. «A Raft of Rock», NASA Earth Observatory, 13. august 2019, henta 30. august 2019 
  5. 60 meter lång ö drev in till Peders brygga i Gävle, SVT Nyheter, 27. august 2021 
  6. «Flottholmen i Ralången har lämnat sitt ”mörka läge” för gott…» (på svensk). 3. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Flytande øy