München-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flyulykka i München)
Gå til: navigering, søk
Ei minneplate på Old Trafford til minne om spelarane som omkom.
Fil:Munich air disaster newspapers.JPG
Avisa Daily Express dagen etter ulukka. Utstilt på United-museet, Old Trafford
Foto: Øyvind Vik
Fil:Munich air disaster newspapers2.JPG
Avisa Daily Herald dagen etter ulukka. Utstilt på United-museet, Old Trafford
Foto: Øyvind Vik
Fil:Munich air disaster newspapers3.JPG
Avisa Daily Express dagen etter kistene frå ulukka kom til Manchester. Utstilt på United-museet, Old Trafford
Foto: Øyvind Vik
Klokka som er stoppa på nøyaktig det tidspunktet ulukka skjedde. Denne heng som eit monument på svingen til South stand, Old Trafford
Foto: Øyvind Vik

München-ulukka var ei flyulukke i 1958 der 23 menneske mista livet, mellom anna åtte spelarar frå det engelske fotballaget Manchester United. 21 menneske omkom i sjølve flystyrten, medan to andre døydde seinare av skadane dei hadde fått.

6. februar 1958 var Manchester United på veg tilbake til England med fly etter å ha spelt kvartfinale i Europacupen i Beograd dagen før, mot Crvena Zvezda (Raude Stjerne). I tillegg til spelarane på laget og trenarteamet, var òg ei rekke engelske sportsjournalistar mellom passasjerane. Flyet landa i München for å fylle bensin og då flyet skulle ta av igjen i tett snøvêr, gjekk flyet i bakken. 21 av de 44 passasjerane og mannskapet mista livet i styrten.

Av dei omkomne var kapteinen på laget Roger Byrne og storscoraren Tommy Taylor. Den 21 år gamle stjernespelaren Duncan Edwards overlevde styrten, men fekk omfattande skadar og døydde 15 dagar seinare. Manageren til laget, Matt Busby, vart òg hardt skadd, men overlevde.

Av dei overlevande var Bobby Charlton og keeper Harry Gregg, som berre fekk lettare skadar og klarte å redde fleire menneske frå det brennande flyvraket.

I tillegg til dei åtte omkomne, vart to andre spelarar – Jackie Blanchflower og Johnny Berry – så hardt skadde at dei aldri kom tilbake på fotballbanen. Berry svevde lenge mellom liv og død med store hovudskadar og fekk den siste olje da han kom til sjukehuset.

Omkomne spelarar

Overlevande spelarar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]