Focus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Focus

Focus i 2014.
Venstre til høgre: Menno Gootjes, Thijs van Leer, Pierre van der Linden, Bobby Jacobs
AliasTrio Thijs van Leer
OpphavAmsterdam i Nederland
Aktiv
  • 1969–1978
  • 1985
  • 1990
  • 1998
  • sidan 2002
Sjanger
Tilknytte artistar
  • Trio Thijs van Leer
  • Brainbox
  • Conxi
  • Van Leer
Plateselskap
MedlemmerThijs van Leer
Pierre van der Linden
Menno Gootjes
Udo Pannekeet
Tidlegare medlemmerSee Bandmedlemmar

Focus er eit nederlandsk, progressivt rockeband skipa i Amsterdam i 1969 av klaverspelaren, vokalisten og fløytespelaren Thijs van Leer. Bandet har hatt fleire inkarnasjonar gjennom historia si. Sidan desember 2016 har bandet bestått av van Leer, trommeslagaren Pierre van der Linden, gitaristen Menno Gootjes og bassisten Udo Pannekeet. Tidlegare medlemmar har vore gitaristen Jan Akkerman, trommeslagaren Hans Cleuver og bassistane Martijn Dresden, Bert Ruiter og Bobby Jacobs. Dei har seld ein million plater i USA.[1]

Etter Akkerman kom inn i rocketrioen til van Leer seint i 1969, fekk bandet namnet Focus og spelte i den nederlandske produksjonen av rockemusikalen Hair. Debutalbumet deira Focus Plays Focus (1970) selde dårleg, men oppfølgjaren Moving Waves (1971), og singelen «Hocus Pocus», vart ein internasjonal hit. Suksessen deira fortsette med Focus 3 (1972) og Hamburger Concerto (1974), førstnemnde med den andre hitsingelen deira, «Sylvia». Etter ytterlegare to album spelte inn med forskjellige musikarar, vart Focus oppløyst i 1978. Dei kom saman att i 1985, 1990, 1998 og 2002.

I 2002 starta van Leer opp att Focus med ei ny besetning. Albuma Focus 8 (2002), Focus 9 / New Skin (2006) og Focus X (2012) fekk god mottaking og Focus har halde fram å spele verda over. Det nyaste albumet deira er Focus 11 (2018). Dei fekk fornya interesse etter at Nike brukte «Hocus Pocus» i ein reklame for verdsmeisterskapen i 2010. Focus har vore ei av dei mest suksessrike og viktige rockebanda frå Nederland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1969–1970: Skipinga[endre | endre wikiteksten]

Thijs van Leer, som skipa Focus, i 1971.

Focus vart skipa i midten av 1969 av klaverspelar, vokalist og fløytespelaren Thijs van Leer, som fekk med seg bassisten Martijn Dresden og trommeslagaren Hans Cleuver[2] etter å ha møtt dei på ei innspeling for radioprogrammet Jazz and Poetry i Hilversum i Nederland. I lag skipa dei tre eit nytt tremannsband som i starten vart kalla Thijs van Leer and the Rebaptised,[3] og spelte stort sett coversongar av Traffic og originale songar som stort ett var skrivne av van Leer.[4] Under øvingar i november 1969 der van Leer spelte som ein del av teatergruppa til Ramses Shaffy,[2] fekk dei med seg gitaristen Jan Akkerman frå rockebandet Brainbox etter at Shaffy inviterte han til å spele med trioen. Van Leer fortalte seinare om denne episoden: «Jan kom inn og med jamma i fleire timar og det var verkeleg bra.» Dei tok så namnet Focus for det nye bandet. Akkerman sa seinare «Focus er eit latinsk ord om tyder et same på mange språk. Det tyder konsentrasjon som er det Focus gjer».[5] Den første konserten deira som Focus følgde så på Bird's Club i Rembrandtplein,[3][4] og dei fekk kort tid etter ein fast spelejobb der med to konsertar kva på to dagar i veka.[6] Tidleg spelte dei hovudsakleg coversongar, mellom andre «I Shall Be Released» av Bob Dylan, «A Whiter Shade of Pale» av Procol Harum og «Nights in White Satin» av The Moody Blues, blanda med originale songar, som songen van Leer skreiv med tanke på gruppa, instrumentalen «Focus».[7]

På leit etter meir arbeid og ei fast inntekt, valde Focus å spele i orkestergrava for den nederlandske rockemusikalen Hair, produsert av den walisiske skodespelaren Victor Spinetti.[8] Dei vart invitert til prøvespeling i Victoria Ballroom i London etter den nederlandske tekstforfattaren Lennaert Nijgh føreslo dei for Del Newman, regissøren for musikalen. Skodespelaren Robin Lent hevda at produksjonen var svak og at Focus, som berre var der for å tene pengar «òg var ganske rustne, men dette endra seg etter kvart og alle kom inn i det».[7] Showet hadde premiere i desember 1969 og gjekk seks kveldar i veka, slik at bandet kunne øve gratis og ha utstyret sitt der.[7][9][8] Eit album med musikken vart spelt inn i februar 1970 og kort tid etter gjeve ut på Polydor Records.[10]

Etter Hair var over i juni 1970, avslo Focus eit tilbod om å turnere med musikalen i Nederland i eit og eitt halv år, og vart i staden eit fulltidsband. Dei hadde fått fleire lokale konsertar og andre konsertar rundt om i landet, og heldt dei første konsertane sine utanlandsk i Belgia og Spania.[11][4] Med konsertane og inntektene frå Hair, hadde bandet 400 gylden, men Akkerman hugsa at gruppa var raske med å bruke det opp. Cleuver fekk i oppgåve å passe betre på økonomien til bandet.[12]

1970–1971: Debutalbum, «House of the King» og besetningsendringar[endre | endre wikiteksten]

I 1970 fekk Focus kontakt med Hubert Terheggen, direktør i Radio-Tele-Music Belgium-Holland, musikkforlagsavdelinga til Radio Luxembourg, gjennom kontaktar hos faren til Dresden. Terhegen likte musikken deira og signerte dei til produksjonsselskapet sitt, og sikra dei distribusjonsavtalar verda over. Han leigde så studiotid for dei slik at dei kunne spele inn det første albumet sitt,[4][6] som fann stad i januar 1970 i Sound Techniques i Chelsea i London i friperiodar frå Hair. Resultatet vart Focus Plays Focus, betre kjend under den internasjonale tittelen In and Out of Focus, der Terheggen står oppført som produsent og Jerry Boys lydteknikar.[2] Ei blanding av popaktige songar og instrumentalar vart spelte inn for albumet. Van Leer syns vokalen hans sleit sidan han song engelske tekstar med ein aksent, noko som inspirerte bandet til å bli sterkare instrumentalt.[4]

Etter å ha spelt inn Focus Plays Focus, sleit bandet med å finne eit selskap som var villig til å gje det ut. Lukka deira endra seg då dei hadde spelt inn «House of the King», ein instrumental av Akkerman. Focus-biografen Peet Johnson skriv at songen var inspirert av konserten deira på musikkonkurransen Barbarela de Conjuntos på Mallorca den 11. juni 1970,[13] der utgåva deira av Concierto de Aranjuez av Joaquín Rodrigo i finalen gjekk over 15-minuttarsgrensa, og førte til at kablane deira vart drege ut av.[11][4] Focus tok hemn ved at van Leer spelte fløyte for publikum, medan resten av gruppa knuste garderoben, før dei vart arresterte og måtte vere ei natt i fengsel. Van Leer hevda Akkerman kom opp med sporet dagen etter dei vart arrestert, men gitaristen sa sjølv han skreiv songen «på eit fjell med ei vakker, spansk flyvertinne ... på om lag fem minutt».[13] Focus spelte songen utan løyve frå manageren sin ein kveld i Heemstede, men han nådde likevel folk hos Imperial Records som meinte han var sterk nok til å bli ein hitsingel og signerte kontrakt med gruppa.

Focus Plays Focus kom ut i september 1970, åtte månader etter han vart spelt inn.[3] «Why Dream» og «Happy Nightmare» kom ut som den første singelen deira i Nederland. Albumet kom ut i Amerika i oktober på Sire Records, som hadde sikra rettane til den internasjonale distribusjonen til bandet. Dei la til «House of the King» til albumet.[2][14][15][16] Før dei signerte Focus, hadde grunnleggjaren av Sire, Seymour Stein, flydd til Nederland for å sjå bandet spele: «Dei var utan tvil det mest originale bandet eg nokon gong hadde høyrt».[17] Sjølv om albumet selde dårleg, fekk Fokus den første Edisonprisen sin,[18] og i januar 1971 gjekk singelen «House of the King» til tiandeplassen på singellista i heimlandet.[19]

Seint i 1970 var Akkerman vorte stadig meir misnøgd med jobben Cleuver og Dresden gjorde som rytmeseksjon og sakna den tidlegare bandkollegaen sin i Brainbox, trommeslagaren Pierre van der Linden.[20] Han meinte paret sleit med å skape sin eigen identitet eller musikalitet i musikken.[12] Akkerman kom så med eit ultimatum til van Leer der han truga med å slutte om ikkje han fekk Cleuver og Dresden til å dra. Van Leer nekta å sparke dei to han hadde starta bandet med og bad Akkerman dra. Dette skulle føre til mykje krangling mellom dei to framover. Cleuver kjende panikken frå Imperial sidan dei visste at «House of the King» kom til å bli ein hit og ønskte at van Leer og Akkerman skulle halde i lag.[21] Situasjonen nådde Terheggen, som bad Yde de Jong om å bli manageren til Focus om han klarte å halde bandet saman.[20] Etter seks veker med forhandlingar gjekk van Leer sin veg og slo seg saman med Akkerman, van der Linden, den nye bassisten Cyril Havermans, som hadde spelt på det andre soloalbumet til Akkerman, Profile, med vilkår om at gruppa skulle halde fram som Focus.[21]

Med den nye besetninga overtydde Stein den engelske produsenten Mike Vernon om å sjå bandet spele i Nederland seint i 1970. Vernon var ikkje så imponert over det første albumet deira, men likte konsertane deira: «Eg kunne ikkje stoppe å snakke om dei eller tenkje på dei! Dei var formidable ... krafta til Jan og Thijs aleine gav meg hjartebank». Vernon gjekk så med på å produsere det neste studioalbumet deira.[22][23]

1971–1972: Moving Waves og gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Etter øvingar i Groeneveldborga i Baarn spelte bandet inn Focus II, som fekk den internasjonale tittelen Moving Waves i april og mai 1971 i Sound Techniques og Morgan Studios i London.[22][24] Her gjekk bandet inn i progressiv rock med element av jazzfusion og klassisk musikk i lange stykke og soloar. Akkerman endra lyden sin og gjekk bort frå ein Gretsch White Falcon til ein Gibson Les Paul Custom frå 1957 slik at han kunne «'syngje' på gitaren» for å kompensere for den svake vokalen til gruppa.[22] Opningssporet, «Hocus Pocus», vart ein av dei mest kjende songane deira, med eit attkjennande gitarriff og jodlinga, plystring og tullevokalen til van Leer som utvikla seg gjennom ein improvisert jam.[25] Akkerman skreiv «Janis» som ei hyllest til Janis Joplin, og avslutningssporet «Eruption» strekkjer seg over 23 minutt og er delt inn i fleire delar inspirert av operaene Orfeo ed Euridice av Christoph Willibald Gluck og L'Orfeo av Claudio Monteverdi, med ein kombinasjon av rock, jazz og klassisk musikk.[26]

Moving Waves kom ut i oktober 1971 og vart det internasjonale gjennombrotet deira og nådde andreplassen i Storbritannia,[27] fjerdeplassen i Nederland,[19] og åttandeplassen i USA. For albumet fekk Focus Conamus eksportprisen, den andre Edisonprisen,[28] og selde til gullplate i dei tre nemnde landa.[29][1] Medverkande til suksessen var singelen «Hocus Pocus», som kom ut i Nederland i juli 1971 og nådde 12. plassen der[30] og synte bandet for eit nytt publikum. Han nådde 20. plassen i Storbritannia i januar 1973.[27]

Mellom innspelinga og utgjevinga av Moving Waves vart det endringar i besetninga til Focus. Kort tid før ein turné i Frankrike i juli 1971, slutta van der Linden ei kort stund i bandet då han fann ut at van Leer og Akkerman fekk betre betalt enn han sjølv. Han vart erstatta av den yngre broren til Akkerman, den 19 år gamle Jacob «Cocky» Akkerman, før skilnaden vart løyst og van der Linden heldt fram på trommer.[31] Havermans slutta så i september 1971 etter å ha gjeve beskjed i juni.[29][4] Han ønskte å syngje på fleire songar, men kunne ikkje det i gruppa og satsa på ein solokarriere i staden..[12] Dei attverande medlemmane kom saman med bassisten att i USa tidleg i 1973 for å spele på det første soloalbumet hans, Cyril.[12] Focus fann ein ny bassist i Bert Ruiter, som tidlegare hadde øvd med van der Linden før ein konsert i Texel i juni 1971[31] og drog for å sjå konsertar med bandet kring ti gonger etter det. Han vart invitert av trommisen til å prøvespele med bandet og vart så fulltidsmedlem.[28]

Focus fortsette som konsertband i september 1971 og blant dei første konsertane med Ruiter var i Rotterdam som ein del av den europeiske Newport Jazz Festival den 29. oktober.[28] Mot slutten av året organiserte de Jong den første britiske turneen deira, 15 konsertar frå 15. februar til 10. mars 1972, for å nå ut til eit større publikum og auke platesalet. Van Leer var først usikker på turneen og meinte at gruppa mangla mot samanlikna med dei mest populære, britiske artistane.[32] Dei kom til Storbritannia på ei tid med landsomfattande energimangel, men de Jong løyste det med å ha med seg eige aggregat. Trass i lite inntening på konsertane, vart dei spelt ein del på BBC Radio 1, og fekk positive meldingar frå kritikarane og nye fans.[33] Akkerman hugsa at konsertane var fullpakka «fordi det truleg var det einaste som skjedde der på den tida».[4] Den 28. mai 1972 var Focus tinga til å spele på Lincolnfestivalen føre 40 000 personar, men bandet kom for seint og det var ikkje mogeleg å flytte rundt på dei andre artistane. Dei vart rasande over mogelegheita som glapp. To dagar seinare spelte Focus for første gongen på britisk fjernsyn med førinnspelte utgåver av utdrag av «Eruption» og «Hocus Pocus» på musikkprogrammet The Old Grey Whistle Test på BBC.[34] Månaden etter vart ei kåra til mest lovande artist av lesarane i Melody Maker og beste nye talent av lesarane i New Musical Express.[35][4]

1972–1975: Focus 3 og Hamburger Concerto[endre | endre wikiteksten]

Bandet var fire dagar i Olympic Studios i Barnes i London i juli 1972 for å spele inn det tredje albumet sitt, Focus 3.[4][36] Dei hadde skrive mykje materiale før den tid og valde å gjere det til eit dobbeltalbum, hovudsakleg skrive av van Leer og Akkerman. Focus 3 bestod av både korte og lange songar, inkludert den tre minuttar lange instrumentalen «Sylvia» og den 26 minuttar lange «Anonymous II» der kvart medlem fekk eit soloparti, i tillegg til «House of the King». Då albumet kom ut i november 1972 gjekk det til topps i Nederland i ei veke,[19] og nådde sjetteplassen i Storbritannia,[27] og 35. plassen i USA. «Sylvia» kom ut på singel og nådde fjerdeplassen i Storbritannia i januar 1973, veka etter at «Hocus Pocus» nådde den høgaste plasseringa si på den same lista.[27] Dette var første gangen at eit band hadde to singlar samstundes utan tekst på britisk topp 40.[37]

For å marknadsføre albumet la Focus ut på den største turneen sin nokon gong og spelte mellom anna på Readingfestivalen 12. august 1972 etterfølgd av Melody Maker Poll Awards-showet på The Oval i London 30. september.[4] Dette vart etterfølgd av ein slitsam 31 konsertar lang turné i Storbritannia over 36 dagar der dei igjen spelte på The Old Grey Whistle Test den 12. desember. Dette skapte igjen interesse for platene deira.[38] Programleiaren Bob Harris sa at showet vart overstrøymd av telefonar og brev om bandet og platefabrikken til Polydor trykte berre Focus-plater i ti dagar på rad for å møte etterspurnaden.[39][40] Ei framføring av «Sylvia» frå Marquee Club i London vart sendt på BBC-programmet Top of the Pops.[41] Etter ein utseld turné i Storbritannia i januar 1973 over 24 dagar,[37] fullførte Focus den første av tre nordamerikanske turnear i 1973 frå februar til april, som oppvarming for forskjellige artistar som Gentle Giant, Frank Zappa og Yes.[41] Då bandet kom heim turnerte dei igjen i Storbritannia med to utselde konsertar i Rainbow Theatre i London i mai 1973, som vart fjernsynssende på BBC.[4][5]

Tidleg i mai 1973 vendte Focus attende til Olympic Studios etter ønskje frå Vernon og spelte ein ny versjon av «Hocus Pocus» kalla «Hocus Pocus II», gjeven ut eksklusivt for den amerikanske marknaden.[42] Seinare den månaden drog bandet til Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire for å spele inn eit fjerde album. Akkerman hadde ynskje om å spele inn «flotte idear» han hadde skrive ned det siste året, men dei mange turneane gjorde at bandet var fysisk og mentalt utslitne og hadde verken lyst til å skrive eller spele inn nye songar. Vernon hugsa at Akkerman var motvillig til å ta del i innspelingane som for han «førte til den endelege oppløysinga av partnarskapen til Akkerman og van Leer».[43] Dei spelte til slutt inn kring 40 minuttar med songar, men paret nekta å samarbeide og spelte inn sine partar kvar for seg.[4] Vernon sa seinare at denne tida var «truleg dei verste ti dagane eg nokon gong har opplevd i eit studio».[44] Sidan dei ikkje kunne gje ut eit nytt studioalbum, tok Vernon innspelingane frå konsertane i Rainbow Theatre og gav dei ut som konsertalbumet At the Rainbow. Albumet nådde 23. plassen i Storbritannia i oktober 1973. Bandet fekk så ein Billboard Trendsetter-pris for suksessen sin etter å ha fått nok eit gullalbum for eit sal på ein million plater i USA, og ein gullsingel.[4] Innspelingane frå Chipping Norton-innspelingane kom ikkje ut, men vart omarrangerte fleire år seinare, eller inkluderte i ei samling av tidlegare ikkje-utgjevne Focusinnspelingar kalla Ship of Memories i 1976.

Besetnninga frå 1973–1975 speler på det nederlandske fjernsynsshowet Top Pop i april 1974 med trommeslagaren Colin Allen lengst til høgre.

Då dei kom heim etter den andre nordamerikanske turneen sin frå juni til september 1973[45] drog bandet til Groeneveldborga att for å øve. Van der Linden dukka ikkje opp og gruppa fekk kort tid etter vite at han hadde slutta i bandet.[4] Van Leer meinte at rock var eit steg i feil retning for trommeslagaren, som ønskte å spele jazz. Vernon føreslo dei engelske musikarane Mitch Mitchell, Aynsley Dunbar og Colin Allen som mogelege erstattarar. Allen var den einaste som var tilgjengeleg og flydde for å møte bandet alt dagen etter. Etter ei bra prøvespeling vart Allen medlem av bandet.[46] Han kom inn i bandet åtte dagar før ein komande nordamerikansk turné.[5]

Frå januar til mars 1974 spelte Focus inn Hamburger Concerto i Olympic Studios med Vernon. Innspelinga var vanskeleg, og van Leer, Ruiter og Allen arbeidde i lag på dagen, medan Akkerman spelte inn sine delar på kvelden.[47] Albumet var ytterlegare inspirert av klassisk musikk, og opna med «Delitæ Musicæ», eit lutt-stykke som Akkerman tilpassa frå Delitæ Musicæ Cantiones av den nederlandske komponisten Joachim van den Hove.[48] Han avsluttar med tittelsporet, som er eit stykke i seks delar på over 20 minuttar inspirert av at Akkerman ein gong åt ein hamburgar medan han såg på teiknefilm på hotellrommet sitt i New York City. Ei enkel utgåve av stykket vart spelt inn under Chipping Norton-innspelingane i 1973.[49] Hamburger Concerto kom ut i mai 1974 og nådde femteplassen i Nederland og 20. plassen i Storbritannia. Van Leer hevda det var «det første verkelege verket til gruppa. Det har styrke og meining», og Vernon sa seinare at dette albumet og Moving Waves var særs givande når ein lyttar til det ein gong til.[50] Akkerman meinte seinare albumet leid under den svekka stillinga hans i gruppa med van der Linden borte og hevda at van Leer «braut det rytmiske sambandet eg hadde med Pierre».[4] Ei singelutgåve av «Harem Scarem» kom ut, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[51]

Focus turnerte med Hamburger Concerto frå mars 1974 i Europa, inkludert to konsertar i London som vart filma for ei sending på BB2 og den amerikanske musikkserien In Concert.[52] Dei byrja på den første turneen sin i Japan og Australia i juni,[53] etterfølgd av ein konsert på Readingfestivalen i august og så den fjerde nordamerikanske turneen deira i september.[54] Dei var med i det nasjonale programmet Don Kirshner's Rock Concert med eit opptak frå Long Beach i California, som gav bandet god eksponering.[55] På ein konsert i USA la van Leer og Akkerman merke til ein ung Michael Jackson på fremste rad.[56] Då dei kom attende fullførte dei ein 24 dagar lang turné i Europa og gav ut to samlealbum, The Story of Focus og Masters of Rock.[57]

1975–1978: Mother Focus, Focus con Proby og oppløysing[endre | endre wikiteksten]

I 1975 samla bandet seg i Morgan Studios i Brussel for å øve og spele inn Mother Focus.[46] Dei kom saman att med Terheggen som styrte prosjektet som leiande produsent, men gruppa sleit med å finne ei felles retning. Van Leer skulda på platekontrakten deira som kravde at dei skulle lage minst eitt studioalbum i året, og presset som turneringa førte til gjekk ut over songane,[4] og at bandet mista noko av interessa.[58] I tillegg fortsette Akkerman å spele inn sine partar utan resten av bandet, og forholdet til van Leer synte ingen teikn til betring.[59] Ruiter vart ein meir markant låtskrivar og bidrog med fleire idear enn på tidlegare Focus-album. Han og Allen byrja etter å ha spelt inn «I Need a Bathroom», å eksperimentere med ein trommemaskin, men trommeslagaren hugsa at Akkerman vart sint, skreik til han og kasta maskinen ut av rommet. Allen fekk sparken dagen etter utan å få vite kven som hadde teke avgjersla. Han fekk rav om å betale det han skulda gruppa medan han var medlem, kring 10 000 britiske pund, og måtte bruke honorara sine til å betale mykje av det. Trass i problema sa han, «eg vil alltid vere stolt over å ha vore medlem».[46] I mai 1975 føreslo ein studioteknikar den amerikanske trommeslagaren David Kemper som vart henta inn til å fullføre resten av albumet.[59]

Mother Focus kom ut i oktober 1975 der Focus flytta seg frå den klassiske- og jazzprega stilen mot kortare og meir kommersielle songar med lite rom for improvisasjon og jamminga dei var kjende for.[60] Akkerman krangla med van Leer og Ruiter om endringa i den musikalske retninga deira, og hevda det var «typisk amerikansk musikk».[61] Albumet nådde 15. plassen i Nederland og 23. plassen i Storbritannia, og fekk stort sett negativ omtale i musikkpressa. Under planane for den komande turneen nekta Akkerman å spele musikk frå albumet og meinte det ikkje var sterkt nok. For å løyse dette drog han og van Leer attende til Morgan Studios og spelte inn «Red Sky at Night» og «O Avondrood», der dei to song på nederlandsk på sistnemnde.[62] Etter at Kemper drog då innspelinga var over, ønskte Akkerkman å ha attende van der Linden og meinte at han var ansvarleg «for minst 40 %» av suksessen til bandet og at han ikkje kom til å slutte i Focus med van der Linden på trommer. Men van Leer og Ruiter var ikkje like entusiastiske med å få van der LInden attende. Likevel drog Focus attende til Australia og Japan i mai og juni 1975 for ei rekkje utselde konsertar,[63][4] men musikkritikarane la merke til at det dei mangla samhaldet dei hadde hatt før.[64] Under den skandinaviske turneen som følgde, ein konsert på Ullevaal stadion i Oslo under Ragnarokfestivalen jamma Akkerman og van der Linden «utan samanheng med repertoaret», noko som vart rekna som ein protest mot å spele dei same songane kveld etter kveld. Det vart verre då van Leer og Ruiter nekta å la van der Linden spele inn att trommer for ein singelversjon av «Crackers», noko som gjorde at trommeslagaren slutta for andre gongen.[65] Utan van der Linden avlyste Focus ein planlagt 34 konsertar lang turné i Storbritannai og henta attende Kemper under den påfølgjande øvinga etter at de Jong innstendig hadde bede om det.[66][58] Tidleg i 1976 var van Leer og Ruiter dei einaste attverande originale medlemmane. «Crackers»/«O Avondrood» kom ut på singel i 1976. Sistnemnde kom opphavleg ut på eit nederlandsk samlealbum..[4] Begge to kom ut i instrumentale versjonar på Ship of Memories.

I februar 1976, to og ein halv dag før gruppa skulle leggje ut på turné i Storbritannia bad van Leer Akkerman forlate Focus etter usemjene om musikken dei øvde på og avgjersla om ikkje la van der Linden kome attende på trommer.[58] Akkerman var trøytt av å spele dei same songane på scenen «og det kjendest som om eg var i ei tvangstrøye. Det var framleis mykje improvisasjon, men sjølv dette var blitt planlagd».[4] Van Leer sa han ønskte å skrive «glad» musikk og flytte seg bort frå «våre europeiske mollakkordar».[58] I staden for at turneen vart kansellert, valde van Leer å halde fram. Kemper fekk sju dagar på seg til å kome frå USA og lære seg dei nye songane, medan Akkerman var heime med sjukdom. Van Leer møtte den belgiske gitaristen Philip Catherine og dei to spelte ein jam i lag som van Leer likte. Akkerman mislikte ein song som gruppa hadde øvd på om han kort tid etter, noko som førte til at van Leer bad han om å dra dagen etter.[58] Etter Catherine gjekk med på å ta over, øvde gruppa femti timar i strekk.[58] Van Leer brukte kvelden før den første konserten til å skrive ned gitarpartia for Catherine, som han følgde på scenen.[4] Konsertpublikummet fekk tilbod om å få pengane attende då meldinga kom om at Akkerman hadde slutta.[58] Turneen enda i mars 1976. Den nederlandske gitaristen Eef Albers vart seinare medlem av Focus. Dei spelte nokre spreidde konsertar i 1977 og 1978 med den amerikanske trommeslagaren Richard James.

Van Leer sikra ein avtale med EMI i april 1976 for eit nytt Focus-album, men arbeidet på dette kom ikkje gang før seint i 1977, då bandet stod i fare for søksmål om dei ikkje gav ut noko.[67] Innspelinga fann sta i desember 1977 i EMI Studios i Haarlem i Amsterdam med van Leer, Ruiter, Albers og Catherine, som hadde kontrakt som kravde at han skulle spele.[68] Van Leer gjekk attende til idear han hadde utvikla med kona si Roselie under Focus-turnear, men følte at verken han eller Ruiter song godt nok.[67][69] I leitinga etter ein høvande solovokalist ringde de Jong, ein ven av den amerikanske songaren P.J. Proby, manageren hans, som hadde base i Nederland, og inviterte han til studio sidan han meinte at vokalen hans ville erstatte den lyriske spelinga til Akkerman. Van Leer var skeptisk sidan Proby ikkje kjende bandet og sleit med eit alvorleg alkoholproblem på den tida. Albers fortalte om då Proby kom: «Han drakk Four Roses-whisky heile dagen, så mykje at den nærmaste spritsjappa nesten var utseld...han hadde alltid tankar om å stikke av».[69][4] Proby tolka dei jazzrock-aktige songane slik han kjende det, og prøvde å «møte dei halvvegs mellom jazz og rock».[68] Trommestilen til James passa ikkje på dei lettare songane, så van Leer henta inn den framtidige Journey-trommisen Steve Smith frå USA.[68] Focus con Proby kom ut i februar 1978, men selde dårleg i Storbritannia og fekk negativ omtale. Cleuver, som då var manageren til van Leer, kalla seinare albumet «ein skam».[70] Etter nokre konsertar i Nederland, som enda med ein konsert i Terneuzen i august 1978 med James på trommer, la van Leer ned Focus.[71][4]

1985−1999: Sameiningar[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1983 kom begge managerane til Akkerman opp med ideen om at han skulle spele inn musikk med van Leer igjen, noko Akkerman gjekk med på. Van Leer aksepterte invitasjonen og spelte synthesiser på «Headbanger» på soloalbumet til Akkerman i 1984, From the Basement.[72] Etter dette samarbeidet føreslo ein sjef i Phonogram Records at dei kunne arbeide med produsenten Trevor Horn om å gje ut eit album med nyinnpelte Focus-songar, men dette vart avvist. Dei neste 15 månadane skreiv dei to, øvde og spelte inn ny musikk med fleire forskjellige musikarar og lydteknikaren Theo Balijob.[73] Kontraktane deira gjorde at dei måtte spele det inn som ein duo, og ikkje under namnet Focus.[74] Under innspelinga vart produsenten Ruud Jacobs henta inn for å oversjå prosjektet fordi det tok for lang tid å få ned songane. Balijon meinte at Jacobs kutta svingane og pressa på for å få dei sterkaste songane gjort raskt for å spare produksjonskostnadane, som «utilsakta skapte splid mellom Jan og Thijs».[73] I løpet av dei 63 dagane innspelinga tok i april og mai 1984 vart det spelt inn kring 30 songar med mange musikarar.[4][74] Focus kom ut i mars 1985 på Vertigo Records og nådde 33. plassen i Nederland.[75][76] Paret følgde opp med musikkvideoar og fire lokale konsertar.[4][74][77]

I 1988 fekk EMI rettane til katalogen til bandet og gav ut albuma deira på CD for første gongen.[4]

I 1990 kom den tidlegare besetninga med van Leer, Akkerman, van der Linden og Ruiter saman for første gongen sidan 1975. Dei fire spelte ein 40 minuttar lang konsert i Americahal i Apeldoorn den 20. april som vart sendt på Tv som ein del av programserien Oud van Goud.[78][4] Dette kom til då produsenten Frans Meijer spurte Akkerman om å spele ein konsert med gruppa, og fordi manageren til gitaristen ikkje hadde sett bandet på konsert i 1970-åra.[78] Dei andre tre gjekk med på dette og dei øvde i fire timar i Wijchen fleire dagar før konserten. Ruiter syns det «det gjekk særs bra» og van Leer sa det var «fantastisk».[78] Etter konserten ønskte van Leer å formelt starte opp att Focus med Akkerman, men Akkerman ville ikkje det, sjølv om han var glad for å spele med van der Linden att.[79] Den 17. mai mima gruppa, utan Akkerman, til ei framføring av «House of the King» på fjernsynsprogrammet Service SalonAVRO-TV. Opphavleg skulle bandet framføre «Hocus Pocus» med Akkerman, men gitaristen avslo forslaget til TV-kanalen.[79]

Van Leer og Akkerman delte scene igjen i 1993, og framførte Focus-songar på North Sea Jazz Festival.

I 1999 prøvde van Leer igjen å starte opp att Focus med Cleuver, Ruiter og den nederlandske gitaristen Menno Gootjes. Dei spelte fleire konsertar i Nederland, men krangling mellom van Leer og Ruiter over materialet enda med at gruppa igjen vart splitta.

2001–2010: Sameining, album og turnering[endre | endre wikiteksten]

I 2001 vart van Leer invitert til å spele med stesonen og bassisten Bobby Jacobs, som øvde med gitaristen Jan Dumée og trommeslagaren Ruben van Roon. Jacobs og van Roon var tidlegare medlemmar i sideprosjektet til van Leer kalla Conxi. Van Leer vart overraska då han fann ut at dei tre hadde øvd på Focus-songar frå 1970-åra.[80] Innspelinga førte til at gruppa valde å halde konsertar som eit hyllestband til Focus kalla Hocus Pocus «berre for moro, ikkje noko seriøst».[81] Etter eit par godt mottekne konsertar i Nederland, tok gruppa namnet Focus att, fekk Willem Hubers som ny manager og fekk tilbod om konsertar verda over.[80] Focus 8 vart spelt inn i februar og juli 2002. Van Roon slutta i bandet av personlege årsaker, og vart erstatta av trommeslagaren Bert Smaak. Albumet kom ut på Musea Records seint i 2002, og fekk god kritikk. Bandet la ut på turné i Nord- og Sør-Amerika og Europa.

I 2004 erstatta van der Linden Smaak på trommer og i juli 2006 erstatta Niels van der Steenhoven Dumée på gitar. Denne besetninga spelte inn Focus 9 / New Skin, det niande studioalbumet til Focus, utgjeve i september 2006.

Sidan 2010: Besetningsenringar og Focus 11[endre | endre wikiteksten]

I mai 2010 inkluderte Nike songen «Hocus Pocus» som hovudtema i reklamen sin for verdsmeisterskapen i fotball for herrar 2010. Reklamen gjekk på fjernsyn verda over og skapte ny interesse for bandet og «Hocus Pocus» klatra til 57. plassen på den britiske singellista.

Seint i 2010 kom Gootjes inn att i bandet som erstattar for van der Steenhoven. I 2011 sampla den amerikanske rapparen J. Cole «Hocus Pocus» i songen sin «Blow Up», som er med i videospelet MLB 11: The Show.

Bandet gav ut det tiande studioalbumet sitt, Focus X, med plateomslag av Roger Dean, i november 2012.

Den 14. april 2014 gav bandet ut det ellevte studioalbumet sitt, Golden Oldies på sitt eige selskap, In And Out Of Focus Records. Det var ei samling av nyinnspelte Focus-songar.

I 2016 gav bandet ut Focus 8.5 / Beyond the Horizon. Det er oppført som «Focus and Friends featuring Marvio Ciribelli», og vart spelt inn under den søramerikanske turneen deira i 2005 med brasilianske musikarar.

I desember 2016 tok Udo Pannekeet over for Jacobs på bass. Focus spelte på den andre Cruise to the Edge-hendinga i februar 2017 og den tredje i 2018. Besetninga inkluderte Dumée på gitar etter at Gootjes var for sjuk til å spele. Frå mars til oktober 2017 spelte Focus i Europa.

I november 2018 gav Focus ut det ellevte studioalbumet sitt, Focus 11, i samband med ein 20 konsertar lang turné i Storbritannia.[82][83]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Thijs van Leer – klaverinstrument, fløyte, vokal (1969–1978, 1985, 1990, 1998, sidan 2001)
  • Pierre van der Linden – trommer, perkusjon (1971–1973, 1975, 1990, sidan 2004)
  • Menno Gootjes – gitar, korvokal (1998, sidan 2010)
  • Udo Pannekeet – bass (sidan 2016)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «RIAA Search – Focus». Recording Industry Association of America. Henta 30. november 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Focus (1973). In and Out of Focus [Reissue]. Sire Records. SAS 7404. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Hernandez, Alan Carlos (12. november 2012). «INTERVIEW: Thijs Van Leer comes into focus». Herald de Paris. Arkivert frå originalen 10. september 2017. Henta 30. november 2019. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 4,24 4,25 4,26 Randall, David (May 1991). «Focus» (PDF). Record Collector (141): 102–107. Arkivert frå originalen (PDF) 20. juni 2021. Henta 1. desember 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Mandell, Ellen (February 1973). «Focus' Dutch Treat – Live at the Rainbow» (PDF). Circus: 32, 41. Arkivert frå originalen (PDF) 20. juni 2021. Henta 1. desember 2019. 
  6. 6,0 6,1 Johnson 2013, s. 21.
  7. 7,0 7,1 7,2 Johnson 2013, s. 22.
  8. 8,0 8,1 «Go Focus Yourself... The THIJS VAN LEER Interview». The Ozymandias Progject. 28. oktober 2015. Henta 1. desember 2019. 
  9. Johnson 2013, s. 33.
  10. Various Artists (1970). Hair: The American Tribal Love-Rock Musical – Original Amsterdam Cast. Polydor Records. 2441 002. 
  11. 11,0 11,1 Johnson 2013, s. 34.
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Beckes, Hans (24. november 1973). «Het Grote Jan Akkerman Verhaal» (PDF). Veronica. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2012. Henta 1. desember 2019. 
  13. 13,0 13,1 Johnson 2013, s. 35.
  14. «Radio Lux Exec Promotes Groups» 82 (39). 26. september 1970: 67. ISSN 0006-2510. Henta 1. desember 2019. 
  15. «Focus (2) - In And Out Of Focus (Vinyl, LP, Album)». Discogs.com. Henta 1. desember 2019. 
  16. In and Out of Focus: The Music of Jan Akkerman & focus at Google Books.
  17. Johnson 2013, s. 42.
  18. Johnson 2013, s. 26.
  19. 19,0 19,1 19,2 «Dutch Charts – Focus». Henta 1. desember 2019. 
  20. 20,0 20,1 Johnson 2013, s. 37.
  21. 21,0 21,1 Johnson 2013, s. 38.
  22. 22,0 22,1 22,2 Johnson 2013, s. 44.
  23. Vernon, Mike (1976). Mother Focus [UK Pressing]. Harvest Records. SHSP 4068. 
  24. Johnson 2013, s. 45.
  25. Johnson 2013, s. 47.
  26. Johnson 2013, s. 51.
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 «Official Charts – Focus». Official Charts. Henta 1. desember 2019. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Johnson 2013, s. 59.
  29. 29,0 29,1 Johnson 2013, s. 55.
  30. Johnson 2013, s. 58.
  31. 31,0 31,1 Johnson 2013, s. 57.
  32. Johnson 2013, s. 62.
  33. Johnson 2013, s. 63.
  34. Johnson 2013, s. 64.
  35. Johnson 2013, s. 66.
  36. Focus (1972). Focus 3. Polydor Records. 2659 016. 
  37. 37,0 37,1 Johnson 2013, s. 81.
  38. Johnson 2013, s. 76.
  39. Johnson 2013, s. 78.
  40. Thompson, Dave. «Sylvia – Focus». AllMusic. Henta 1. desember 2019. 
  41. 41,0 41,1 Johnson 2013, s. 83.
  42. Johnson 2013, s. 84.
  43. Johnson 2013, s. 89, 90.
  44. Cunningham 1999, s. 191.
  45. Johnson 2013, s. 91.
  46. 46,0 46,1 46,2 «In And Out Of Focus... COLIN ALLEN Interviewed in December 2008». The Ozymandias Progject. 17. oktober 2015. Henta 2. desember 2019. 
  47. Johnson 2013, s. 101, 103.
  48. Johnson 2013, s. 103.
  49. Johnson 2013, s. 106.
  50. Johnson 2013, s. 110.
  51. «focus - full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com. 
  52. Johnson 2013, s. 112.
  53. Johnson 2013, s. 114.
  54. Johnson 2013, s. 116.
  55. Johnson 2013, s. 117.
  56. Johnson 2013, s. 113.
  57. Johnson 2013, s. 120.
  58. 58,0 58,1 58,2 58,3 58,4 58,5 58,6 Sutcliffe, Phil (6. mars 1976). «If You Look Like This...». Sounds. Henta 3. desember 2019. 
  59. 59,0 59,1 Johnson 2013, s. 124.
  60. Johnson 2013, s. 124, 132.
  61. Johnson 2013, s. 125.
  62. Johnson 2013, s. 133–135.
  63. Johnson 2013, s. 136.
  64. Johnson 2013, s. 137.
  65. Johnson 2013, s. 139.
  66. Johnson 2013, s. 140.
  67. 67,0 67,1 Johnson 2013, s. 167.
  68. 68,0 68,1 68,2 Johnson 2013, s. 193.
  69. 69,0 69,1 Johnson 2013, s. 192.
  70. Johnson 2013, s. 201.
  71. Johnson 2013, s. 204.
  72. Johnson 2013, s. 205.
  73. 73,0 73,1 Johnson 2013, s. 206.
  74. 74,0 74,1 74,2 Johnson 2013, s. 207.
  75. «Dutch Charts – Jan Akkerman & Thijs van Leer». Henta 24. januar 2017. 
  76. Johnson 2013, s. 215.
  77. Johnson 2013, s. 217.
  78. 78,0 78,1 78,2 Johnson 2013, s. 224.
  79. 79,0 79,1 Johnson 2013, s. 225.
  80. 80,0 80,1 «Go Focus Yourself... The THIJS VAN LEER Interview [November 2007]». The Ozymandias Progject. 25. oktober 2015. Henta 3. desember 2019. 
  81. Focus (2002). Focus 8 [French Pressing]. Musea Recordss. FGBG 4472 AR. 
  82. Ewing, Jerry (9. november 2018). «Focus announce a new studio album, Focus 11». Louder Sound. Henta 3. desember 2019. 
  83. «Focus 11: CD». Cherry Red Records. Henta 10. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]