Focus 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Focus 3
Studioalbum av Focus
Utgjeve November 1972
Innspelt Juli 1972
Studio Olympic «B» Studios
(Barnes, London)
Sjanger
Lengd 70:25
Selskap Imperial
Produsent Mike Vernon
Focus-kronologi
Focus II (Moving Waves)
(1971)
Focus 3 At the Rainbow
(1973)


Focus 3 eller Focus III er det tredje studioalbumet av det nederlandske rockebandet Focus, gjeve ut som eit dobbeltalbum i november 1972 på Imperial Records. Det vart spelt inn etter turneen for det førre albumet deira, Focus II (1971), og her skreiv bandet utvida stykke. Det er òg det første med bassisten Bert Ruiter som medlem av bandet.

Focus 3 fekk positive meldingar då det kom ut. Det gjekk til topps på albumlista i Nederland og nådde sjetteplassen på UK Albums Chart og 35. plassen på den amerikanske Billboard 200. «Sylvia» vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet, som nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 89. plassen i USA. Albumet selde til gullplate i USA.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innan 1972 hadde Focus fått ei stabil besetning med organisten og vokalisten Thijs van Leer, gitaristen Jan Akkerman, trommeslagaren Pierre van der Linden og bassisten Bert Ruiter. I juli 1972, etter turneen for det førre albumet deira, Focus II (1971), trekte bandet seg attende til Olympic Studios i Barnes i sørvestlege London, for å spele inn det neste albumet sitt.[1] I starten var det meininga å lage ein enkel LP, men gruppa hadde skrive så mykje ny musikk at dei valte å gå for eit dobbeltalbum. Mike Vernon var igjen produsent med George Chkiantz som lydteknikar.[1][2] Det finst to utgåver av plateomslaget. Den nordamerikanske utgåva har bilete av kvart medlem frå då dei spelte på BBC-showet The Old Grey Whistle Test. Det andre, designa av Hamish Grimes, syner eit nærbilete av van Leer som speler fløyte med tittelen over andletet hans.[3]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Round Goes the Gossip» består av fem linjer frå diktet Æneiden av den romerske oldtidsdiktaren Vergil, sungen på latin av van Leer og refrenget «Round goes the gossip», som er sungen av Vernon.[4] «Love Remembered» er ein song skriven av Akkerman, som spelar akustisk gitar med van Leer på fløyte, og som er basert på eit ungt par som går ein morgontur.[5] Van Leer skreiv «Sylvia» i 1968 då han var skodespelar i Shaffy Chantant, ein nederlandsk teaterproduksjon av songaren og skodespelaren Ramses Shaffy. Han likte ikkje ein komposisjon som songaren Sylvia Alberts skulle syngje solo,[5] så han skreiv ein instrumental med ein tekst på engelsk skriven av Linda van Dyck. Den originale tittelen var lang: «I Thought I Could Do Everything on My Own, I Was Always Stripping the Town Alone», og omhandla ei sjølvstendig, ung kvinne som bryt saman etter ho møter sitt livs kjærleik. Van Leer heldt på musikken og omarrangerte det som ein instrumental for albumet. Han kalla stykket «Sylvia» etter Alberts «for å terge ho litt».[6] Sporet omfattar ein gitarintro skriven av broren til van Leer Frank.[6]

«Answers? Questions! Questions? Answers!», som fekk tittel av Akkerman, har lengre fløyte- og gitarsoloar. Ruiter kom opp med grunnriffet, medan Akkerman kom opp med den andre delen.[7] Akkerman skreiv «Elspeth of Nottingham» etter å ha køyrt rundt England på ferie i 1967, og stoppa i ein by i Cotswolds der han først høyrde Julian Bream spele lutt og inspirerte ha til å lære seg instrumentet. Akkerman kravde å ha fuglesong på innspelinga. Vernon føreslo og ta med rautande kyr i tillegg. Songtittelen, «Elspeth», er ein eldre skotsk variant av namnet Elizabeth.[7][8] «Carnival Fugue» låner frå Johann Sebastian Bach sin Das Wohltemperierte Klavier før det glir over i cool jazz og kulmminerer i ein rockefinale med pikkolofløyteimprovisasjonar og eit hint av calypsorytmar på gitar. «Anonymus II» har same tema som «Anonymus» frå debutplata til bandet og har ein solo frå alle dei fire medlemmane, strekt ut til 26 minuttar totalt.[8]

Vinylutgåva av albumet inneheld «House of the King», eit spor spelt inn for debutalbumet til Focus, Focus Plays Focus (1970), og var meint å fylle opp plass på side fire. Dei to tidlegare medlemmane som spelte på innspelinga, bassisten Martin Dresden og trommeslagaren Hans Cleuver, er ikkje omtalte på albumet.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Focus 3 kom ut i november 1972 og vart ein kommersiell suksess for bandet og nådde toppen av den nederlandske albumlista, der det låg ei veke.[10] Det nådde sjetteplassen på UK Albums Chart[11] i mars 1973 og låg inne på lista i 16 veker.[9] I USA nådde det 35. plassen på Billboard 200.[12] «Sylvia» vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet og nådde fjerdeplassen i Storbritannia[13] og 89. plassen i USA.[14] I november 1973 annonserte Billboard at albumet hadde selt til gullplate for 500 000 selde eksemplar.[15] Albumet oppnådde òg gullplate i Nederland og Storbritannia.[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[16]
Rolling Stone(ikkje vurdert)[17]

I ei seinare melding for AllMusic, samanliknar Ben Davies «den meir lystige og lettare tonen til bandet» med den meir seriøse tonen på Moving Waves. Han vurderer «Sylvia» som eit «klassisk» spor som held fram å vere «ein av dei best likte og mest minneverdige» songane frå katalogen deira. Han konkluderer med: «For å vere ærleg har denne plata alt: varierte songar, fantastisk flinke musikarar og ein av dei finaste singlane gjennom tidene - Focus III kan utan tvil samanliknast med dei beste platene innan rock».[16] Down Beat gav Focus 3 fem av fem stjerner i 1972 og kalla det «ei ærleg, kjenslemessig blanding av klassisk musikk, jazz og rock.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Round Goes the Gossip»  Thijs van Leer 5:16
2. «Love Remembered»  Jan Akkerman 2:49
3. «Sylvia»  van Leer 3:32
4. «Carnival Fugue»  van Leer 6:02
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Focus III»  van Leer 6:07
2. «Answers? Questions! Questions? Answers!»  Akkerman, Bert Ruiter 14:03
Side tre
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Anonymus II (Part 1)»  van Leer, Akkerman, Ruiter, Pierre van der Linden 19:28
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Anonymus II (Conclusion)»  van Leer, Akkerman, Ruiter, van der Linden 7:30
2. «Elspeth of Nottingham»  Akkerman 3:25
3. «House of the King»  Akkerman 2:23

CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Round Goes the Gossip»  Thijs van Leer 5:12
2. «Love Remembered»  Jan Akkerman 2:50
3. «Sylvia»  van Leer 3:31
4. «Carnival Fugue»  van Leer 6:09
5. «Focus III»  van Leer 6:05
6. «Answers? Questions! Questions? Answers!»  Akkerman, Bert Ruiter 13:48
7. «Elspeth of Nottingham»  Akkerman 3:10
8. «Anonymus II»  van Leer, Akkerman, Ruiter, Pierre van der Linden 26:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Focus[1]
Andre medverkande
  • Mike Vernon – korvokal på «Round Goes the Gossip»[4] (ikkje oppført)
  • Martin Dresden – bassgitar på «House of the King» (original vinylversjon, ikkje oppført)
  • Hans Cleuver – trommer på «House of the King» (original vinylversjon, ikkje oppført)
Teknisk
  • Mike Vernon – produsent
  • George Chkiantz – lydteknikar
  • Bill Levy – kunstnarisk leiar
  • Frank Marcelino – design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Focus 3. Imperial Records. 1972. 1A 154-24753. 
  2. Johnson 2013, s. 66.
  3. Johnson 2013, s. 74.
  4. 4,0 4,1 Johnson 2013, s. 67.
  5. 5,0 5,1 Johnson 2013, s. 68.
  6. 6,0 6,1 Johnson 2013, s. 69.
  7. 7,0 7,1 Johnson 2013, s. 71.
  8. 8,0 8,1 Johnson 2013, s. 72.
  9. 9,0 9,1 9,2 Johnson 2013, s. 73.
  10. «Dutch Charts - Focus». Henta 1. desember 2019. 
  11. «The Official Charts Company - Focus - Focus III». Official Charts Company. Henta 3. desember 2019. 
  12. Focus: Focus 3: Awards
  13. «The Official Charts Company - Focus - Sylvia». Official Charts Company. Henta 3. desember 2019. 
  14. «ARTISTS / Focus». Billboard. Henta 5. desember 2019. 
  15. 10. november 1973 edition of Billboard magazine, page 90.
  16. 16,0 16,1 Davies, Ben. «Focus 3 – Focus | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. desember 2019. 
  17. «Focus: Focus III : Music Reviews : Rolling Stone». rollingstone.com. Henta 5. desember 2019.