Focus II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Focus II
Studioalbum av Focus
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1971
Innspelt 13. april–14. mai 1971
Studio Sound Techniques og Morgan Studios
London i England
Sjanger Progressiv rock, jazz fusion, hardrock, instrumental rock, proto-metal
Lengd 41:40
Selskap Sire Records
Produsent Mike Vernon
Focus-kronologi 
Focus Plays Focus
(1970)
Focus II Focus 3
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
MelodicMusic5/5 stars

Focus II (meir kjend under den internasjonale tittelen Moving Waves) er det andre studioalbumet av det nederlandske progrockbandet Focus, utgjeve i oktober 1971 på Imperial Records. Etter at Martin Dresden og Hans Cleuver slutta i bandet i 1970, henta bandet inn Cyril Havermans på bass og Pierre van der Linden på trommer og byrja å arbeide på nye songar. Albumet inneheld «Hocus Pocus», den mest populære singelen til bandet, og «Eruption», eit 23 minuttar langt spor basert på operaen Euridice av Jacopo Peri.

Focus II fekk stort sett positiv omtale då det kom ut. Det er eit av dei bestseljande albuma til bandet og nådde andreplassen på UK Albums Chart og åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200. «Hocus Pocus» kom ut som singel i 1971, men gjekk ikkje inn på lista før 1973 då han klatra til niandeplassen i USA[2] og 20. plassen i Storbritannia.[3] Albumet har seld til gullplate i USA.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Focus II kom ut i oktober 1971 til hovudsakleg positive meldingar. Det nådde andreplassen på den britiske albumlista,[5] åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200,[6] og niandeplassen på Nederlandsk Topp 40.[7]

Singelen «Hocus Pocus» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100.[8]

Focus II vart plassert på 24. plass på lista til magasinet Q og Mojo kalla «40 Cosmic Rock Albums».[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hocus Pocus»Thijs van Leer, Jan Akkerman6:42
2.«Le Clochard (Bread)»Akkerman2:01
3.«Janis»Akkerman, van Leer3:09
4.«Moving Waves»van Leer, Inayat Khan2:42
5.«Focus II»van Leer4:00
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Eruption»
  • «Orfeus» (van Leer)
  • «Answer» (van Leer)
  • «Orfeus» (van Leer)
  • «Answer» (van Leer)
  • «Pupilla» (van Leer)
  • «Tommy» (Tom Barlage)
  • «Pupilla» (van Leer)
  • «Answer» (van Leer)
  • «The Bridge» (Akkerman)
  • «Euridice» (van Leer, Eelko Nobel)
  • «Dayglow» (van Leer)
  • «Endless Road» (Pierre van der Linden)
  • «Answer» (van Leer)
  • «Orfeus» (van Leer)
  • «Euridice» (van Leer, Nobel)
22:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «allmusic ((( Moving Waves > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 3. desember 2019. 
  2. Hilton, Robin (15. juli 2008). «Old Music Tuesdays: Focus». NPR.org (på engelsk). Henta 3. desember 2019. 
  3. «Focus - Full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 3. desember 2019. 
  4. Berry, Peter E. Berry (1977). «... and the Hits Just Keep on Comin' » (1st utg.). Syracuse, N.Y.: Syracuse University Press. s. 170, 205. ISBN 9780815601340. 
  5. «The Official Charts Company - Focus - Moving Waves». Official Charts Company. Henta 3. desember 2019. 
  6. «Moving Waves - Focus | Awards». AllMusic. Henta 4. desember 2019. 
  7. «dutchcharts.nl - Focus - Moving Waves». dutchcharts.nl. Henta 3. desember 2019. 
  8. «Focus - Chart History - Billboard». www.billboard.com (på engelsk). Henta 3. desember 2019. 
  9. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]