Fognafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fognafjorden
fjord
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommunar Stavanger, Strand

Fognafjorden
59°6′57″ N 5°55′39″ E

Fognafjorden er ein sidearm av Boknafjorden i kommunane Stavanger og Strand i Rogaland. Det meste av fjorden ligg på sørsida av øya Fogn, som han er kalla opp etter. Han har innløp i vest ved dei vesle holmane Tåde mellom Marshovet fyr i sør og Rossøya i nord. Frå her strekker fjorden seg 8 km nordaustover til området aust for Fogn, der Fisterfjorden held fram nordaustover.

Søraust for Fogn stikk Årdalsfjorden seg austover og inn til Årdal i Hjelmeland. I vest grenser Fognafjorden til Hidlefjorden i sørvest, Brimsefjorden i vest og Talgjefjorden i nordvest. Medrekna Årdalsfjorden har Fognafjorden ei lengd på 18 km.