Folkeaksjonen mot Hasj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkeaksjonen mot Hasj eller FMH, no Ungdom mot Narkotika (UMN), var ein ungdomsorganisasjon som vart skipa 25. mars i 1981 som ein reaksjon på at det berre var dei vaksne som tok del i det offentlege ordskifte om narkotikaproblemet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

På initiativ frå enkeltpersonar frå Forbundet mot Rusgift og Aksjonen mot Narkomani vart FMH skipa 25. mars, 1981. Om lag 30 organisasjonar var med på skipinga av UMN. Mellom dei var partipolitiske ungdomsorganisasjonar som Unge Venstre, Unge Høgre og Kristeleg Folkepartis Ungdom og andre organisasjonar som Norges Røde Kors, Norske Kvinners Nasjonalråd, Yrkesskoleelevens og Lærlingens Interesseorganisasjon, Landsforeninga for Fritidsklubber og Noregs Speidarforbund.

Den fyrste Slå Tilbake Hasjen-gruppa, seinare Slå tilbake-gruppe (STG), vart skipa på Lillehammer i 1981. Snart oppstod det fleire STG og det vart oppretta lokalavdelingar for å organisera dei. Gjennom nasjonale "Slå tilbake Hasjen" aksjonar, vart det oppretta STG på skular og i fritidsgrupper og i 1985 fanst det 20 lokalavdelingar og 50 STG. Fram til landsmøtet på Lillehammer i 1983 bestod styret av representantar frå dei organisasjonane som hadde vore med å skipa og var medlemer av UMN. På landsmøtet i 1983 vart det gjort vedtak som flytta demokratiet nedover i systemet, so enkeltmedlemer og STG fekk ein meir framtredande rolle. Denne organisasjonsstrukturen vart kalla "Lillehammermodellen". På landsmøtet i Trondheim i 1985 vart ordninga med organisasjonsmedlemskap avvikla.

På landsmøtet i 1989 skifta FMH namn til Ungdom mot Narkotika.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]