Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet i 1981. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet.[1] Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste var opphavleg registrert som Ensliges Parti, som stilte til val i 1973 og 1977. Ved stortingsvalet i 1981 stilte partiet til val som Folkeavstemningspartiet i alle fylke utanom Vest-Agder, der det stilte som Tverrpolitisk Liste. Det totale stemmetalet vart 1482, noko som utgjorde 0,06 % av røystene på landsbasis. Partiet kom dermed ikkje inn på Stortinget. Størst oppslutning fekk Tverrpolitisk Liste i Vest-Agder, med 383 røyster, noko som utgjorde 0,5 % av røystene der. I 1984 endra partiet namn til Upolitisk liste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.