Folkefrelsar til oss kom
Hopp til navigering
Hopp til søk
«Folkefrelsar til oss kom» (Veni Redemptor Gentium) er ein salme av biskop Ambrosius av Milano (d. 397). Salmen vart omsett av Martin Luther i 1523. I 1905 fekk han norsk språkdrakt ved Bernt Støylen. Melodien som vert brukt er kjend frå Erfurt i Tyskland i 1524.
Salmen er den eldste kjende kristne salmen som framleis vert sungen. Han er ein adventssalme og har nr 1 i Norsk Salmebok.
Norsk tekst[endre | endre wikiteksten]
- 1.
- Folkefrelsar, til oss kom,
- fødd av møy i armodsdom!
- Heile verdi undrast på
- kvi du soleîs koma må.
- 2.
- Herrens under her me ser,
- ved Guds Ande dette skjer.
- Livsens ord frå himmerik
- vert i kjøt og blod oss lik.
- 3.
- Utan synd han boren er
- Som all synd for verdi ber.
- Han er både Gud og mann,
- alle folk han frelsa kann.
- 4.
- Frå Gud Fader kom han her,
- heim til Gud hans vegar ber,
- Ned han fór til helheims land,
- upp fór til Guds høgre hand.
- 5.
- Du som er Gud Fader lik,
- Ver i vanmakt sigerrik!
- Med din guddomsvelde kom,
- styrk oss i vår armodsdom.
- 6.
- Klårt di krubbe skina kann,
- ljoset nytt i natti rann,
- naud og natt til ende er,
- trui alltid ljoset ser.
- 7.
- Lov og takk, du Herre kjære,
- som til verdi komen er!
- Fader god og Ande blid,
- lov og takk til evig tid!
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Folkefrelsar til oss kom» frå Wikipedia på bokmål, den 29. november 2010.