Folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Folkehøgskole)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rødding Højskole i Sønderjylland, den eldste folkehøgskulen i Danmark og Norden.

Folkehøgskule er ein eksamensfri, allmenndannande skule for vaksen ungdom. Føremålet med skulane er å oppmode til å utvikle kunnskap, dugleik og menneskelege kvalitetar. Ein siktar mot å utvikle heile mennesket, med forstand, kjensler og vilje. I pedagogisk samanheng omfattar allmenndanningsomgrepet både teoretiske og praktiske fag og oppgåver.

Det finst folkehøgskular i Danmark, Finland, Noreg, Sverige, og på Færøyane, Island og Grønland. Nokre folkehøgskuleprega tiltak finst også i Storbritannia, Tyskland, Austerrike, Nederland, Polen, India, USA og nokre afrikanske land. Ideen om skuletypen har også vakt interesse i nokre austeuropeiske land, men noka verkeleg folkehøgskulerørsle utanom Norden kan truleg ikkje reknast med.

Ideen om folkehøgskulane kom frå den danske pedagogen og teologen N.F.S. Grundtvig, og den første folkehøgskulen vart etablert i Danmark i 1844. I Noerg vart Sagatun FolkehøyskoleHamar oppretta som den første folkehøgskulen i 1864.

I Noreg er det om lag 80 folkehøgskular i drift. Dei fleste er eigd av diverse sjølvstendige organisasjonar. Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla seg i to hovudretningar, den eine er ein skule basert på eit kristent livssyn, mens den andre er ein frilyndt skule som ikkje legg inn kristendom som basis for undervisninga.

Folkehøgskulane er i hovudsak knytte til internat, der ein bur i miljøet i heile utdanningsperioden. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader, men nokre av folkehøgskulane tilbyr òg lengre eller kortare kurs. Folkehøgskulane er for mange ungdommar fyrste gong dei flyttar heimanfrå.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]