Folkehøgskolen Nord-Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°34′16.1″N 16°39′24.6″E

Folkehøgskolen Nord-Norge
SkuletypeFolkehøgskole
Grunnlagt1974
FylkeTroms
KommuneSkånland
TettstadEvenskjer
EigarKFUK-KFUM

Folkehøgskolen Nord-Norge (samisk: Álbmotallaskuvla Davvi-Norga), tidlegare Soltun folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskole som ligg på Evenskjer i Skånland kommune i Troms fylke. Skolen vart etablert i 1974 etter initiativ av Ivar B. Larsen og Tore Meistad.

Soltun hadde i starten profilen «Integrering mellom funksjonsfriske og funksjonshemmede». På 1990-talet hadde skolen ein jamn nedgang i elevtalet. Noko av grunnen var Reform-94 som innebar eit større fokus på vidaregåande læring og integrering i den vidaregåande skolen.

Hausten 2015 fekk skolen ny eigar, Norges KFUK-KFUM, og namnet vart endra til Folkehøgskolen Nord-Norge. Skolen satsar mellom anna på samisk kultur, og skal arbeide for å fremme det samiske og andre urfolk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Folkehøgskole frir til samisk ungdom». NRK. Henta 06.02.16.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]