Folkehøgskolerådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkehøgskolerådet er eit skolepolitisk samarbeidsorgan for dei norske folkehøgskolane og folkehøgskolerørslene. Folkehøgskolerådet har sitt mandat frå og rapporterer til eit årleg fellesmøte for styra i Norsk Folkehøgskolelag, Noregs Kristelege Folkehøgskolelag, Informasjonskontoret for folkehøgskolen og Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole. Folkehøgskolerådet skal ta seg av oppgåver til gagn for skoleslaget og skolane, og som ikkje er av rein fagpolitisk karakter.[1]

Internasjonalt Utvalg for folkehøgskolen (IU)[endre | endre wikiteksten]

Internasjonalt Utvalg for folkehøgskolen er eit rådgjevande organ under Folkehøgskolerådet i Noreg. Utvalet arbeider, gjennom informasjons- og opplysningsarbeid, for at folkehøgskolane skal bidra til å skape ei meir rettferdig verd.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vedtekter for Folkehøgskolerådet: http://www.folkehogskole.no/fhsr/heleomfhsr.htm Arkivert 2013-05-12 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]