Hopp til innhald

Folkehelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tordenskjold, ein dansk-norsk folkehelt avbilda med ein statue i Stavern.
Jeanne d'Arc til hest i ein manuskripillustrasjon frå 1505. Martyren og helgenene Jeanne d'Arc er ei nasjonal heltinne i Frankrike.
Under den store depresjonen fekk bankranarane Bonnie og Clyde status som folkeheltar.

Ein folkehelt er ein type helt som blir beundra av folk, vanlegvis på grunn av store bedriftar.[1] Ein slik helt kan byggje på ein verkeleg, oppdikta eller mytologisk person,[2] og blir rekna som viktig av ei folkegruppe eller mindre samfunnsgruppe. Ein folkehelt kan også vera ein nasjonalhelt.

Den einaste eigenskapen som skil ein populær heilt frå andre karakterar, er viktigheita av namnet hans, personlegdommen hans og handlingar i den kollektive fantasien. Dette nærværet i populært medvit blir bekrefta av referansane til denne karakteren i folkesongar, soger og andre former for folkeminne eller poulærkulturelle former som litteratur og media.

Sjølv om nokre folkeheltar har vore verkelege historiske skikkelsar, er dei vanlegvis ikkje det. Fordi liva til desse folkeheltane vanlegvis ikkje er baserte på historiske oppteikningar, blir eigenskapane og gjerningane deira ofte overdrivne til mytologiske proporsjonar.

Folkehelten byrjar ofte livet sitt som ein normal person, men blir forvandla til ein framståande person av viktige hendingar, ofte som svar på sosial urettferd, konflikt eller nokre gonger naturkatastrofar. Mange er populære talsmenn mot undertrykking eller korrupsjon i den eksisterande maktstrukturen; fleire medlemmer av denne heltekategorien har vore fredlause. Same person kan også vera både folkehelt og folkeskurk (engelsk folk devil), anten blant ulike grupper eller til ulike tider.[3][4]

Tydeleg oppdikta folkeheltar

[endre | endre wikiteksten]

Mogleg oppdikta fokeheltar

[endre | endre wikiteksten]

Historisk dokumenterte folkeheltar

[endre | endre wikiteksten]
Kronologisk liste
  • Spartakus (d. 71 f.Kr.), trakisk gladiator i spissen for det største slaveopprøret mot Den romerske republikken
  • Vercingétorix (d. 46 f.Kr.), høvding for Arvernes-stammen som sameinte gallarane i eit opprør mot romarane
  • Arminius (18/17 f.Kr.–21 e.Kr.), germansk høvding som nedkjempa den romerske hæren i slaget ved Teutobourg
  • Boudica (d. 60 eller 61), britisk krigardronning som leiar eit opprør mot romarane i Britannia
  • Fru Xian (Ch'iao Kuo, 512–602), kinesisk adelskvinne og krigar
  • Brian Boru (d. 1014), irsk konge, sigra over danane i slaget ved Clontarf.
  • William Wallace (d. 1305), skotsk riddar og regent som leia eit opprør mot England på 1300-talet
  • Jan Žižka (1360–1424), tsjekkisk riddar, hærkommandant i Husittarkrigane
  • Jeanne d'Arc (1412–1431), fransk bondejente som leia den franske hæren under Hundreårskrigen etter å ha hevda at heilage røyrte fortalde henne at det var Guds vilje. Ho blei brend som kjettar og rekna som martyr og seinare helgen. Ho er no vernehelgen for Frankrike.
  • Engelbrekt Engelbrektsson (d. 1436), svensk opprørar og ei kort tid regent på 1400-talet
  • Skanderbeg (1405–1468), albansk nasjonalhelt som leia den folkelege motstanden mot Det osmanske riket.
  • Nils Dacke (d. 1543), svensk leiar for eit bondeopprør.
  • Dulla Bhatti (d. 1599), panjabisk opprørsleiar eller banditt under Mogulriket. Feira under lohri.
  • Peter Wessel Tordenskjold (1690-1720), dansk-norsk sjøoffiser under den store nordiske krigen.
  • Daniel Boone (1734–1820), amerikansk nybyggar.
  • Paul Revere (1735-1818), amerikansk gullsmed og patriot under den amerikanske revolusjonen som utførte eit «midnattsritt» for å åtvara om at britane kom.
  • Black Hawk (1767–1838), sauk-krigar som stod imot europeisk busetnad i Midtvesten i USA
  • Johnny Appleseed (1774–1845), amerikansk pioner-gartner, kjend for å spreia eple til store delar av Ohio, Indiana og Illinois
  • Simón Bolívar (1783–1830), venezuelansk militær og politisk leiar som kjempa for frigjeringa av dei spanske koloniane i Sør-Amerika som blei til statane Venezuela, Bolivia, Colombia, Ecuador, Peru og Panama.
  • Davy Crockett (1786–1836), amerikansk pelsjeger og kongressmedlem, døydde i slaget ved Alamo.
  • Gjest Baardsen (1791–1849), norsk stortjuv
  • Ole Høiland (1797–1848), norsk stortjuv
  • Abraham Lincoln (1809–1865), amerikansk president under borgarkrigen, myrda ved eit attentat.
  • Joseph Cinqué (ca. 1814–ca. 1879), mendemann frå Vest-Afrika som leia eit slaveopprør på skipet «Amistad»
  • Sitting Bull (1831–1890), sjamanleiar for hunkpapa-lakotafolk
  • Calamity Jane (1852–1903), amerikansk grensekvinne og skarpskyttar
  • Ned Kelly (1855–1880), australsk fredlaus
  • Billy the Kid (1859–1881), amerikansk fredlaus i Det ville vesten
  • Fridtjof Nansen (1861–1930), norsk polarutforskar og humanitæraktivist
  • Joe Hill (1879–1915), amerikans fagforeriningsleiar urettvist dømt og avretta for drap
  • Mustafa Kemal Atatürk (1881–1938) – grunnleggjar og den fyrste presidenten av Republikken Tyrkia.
  • Bonnie og Clyde (d. 1934) USA, ranarar på 1930-talet
  • Che Guevara (1928–1967), argentinsk revolusjonær, forfattar og geriljaleiar i fleire land
  • Martin Luther King jr. (1929–1968), amerikansk pastor, symbol på kampen for borgarrettar for afroamerikanarar
  • Mujahid Dokubo-Asari (f. 1964) Nigeria, politisk skikkelse som kjempar mot oljeselskap i Niger-deltaet
Utan nøyaktig dato
  1. «folkehelt — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 25. august 2021
  2. McDonnell, Julia (15. juli 2017), The Legend of Paul Bunyan (på engelsk), Gareth Stevens Publishing LLLP, ISBN 978-1-5382-0376-7, henta 25. august 2021
  3. Flinders, Matthew; Wood, Matthew (3. august 2015). «From Folk Devils to Folk Heroes: Rethinking the Theory of Moral Panics». Deviant Behavior 36 (8): 640–656. ISSN 0163-9625. doi:10.1080/01639625.2014.951579.
  4. Pabla, Manjit (2020-05). «The Legacies of Bindy Johal: The Contemporary Folk Devil or Sympathetic Hero». Religions (på engelsk) 11 (5): 228. doi:10.3390/rel11050228.