Folkekrosstoget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Folkekrosstoget
Del av Krosstoga
PeoplesCrusadeMassacre.jpg
Nederlaget til Folkekrosstoget
Dato Oktober 1096[1]
Stad Anatolia og Nikea
Resultat Avgjerande siger til seldsjukkisk siger[2]
Partar
Kristendom, Katolisisme
Vesteuropeiske kristne, Det armenske kongedømet Kilikia
Seldsjukkar,
og andre muslimar
Kommandantar
Walter Sans-Avoir
Peter Eremit
Kilij Arslan[3]
Styrkar
20 000 krossfararar[4]
(i starten 40 000 krossfararar)[5]
Ukjend
Tap
Høgt[6] Relativt lågt

Folkekrosstoget var ein del av det første krosstoget og varte om lag seks månader frå april 1096 til oktober. Det vert òg kalla Bondekrosstoget eller Fattigmannskrosstoget. Det vart leia av Walter Sans-Avoir og Peter Eremitt og hæren leid eit stort nederlag for seldsjukkstyrkane til Kilij Arslan.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Pave Urban II planla at krosstoget skulle legge i veg 15. august 1096, men månader før dette slo store styrkar av bønder og smålåtne riddarar seg uventa saman og sette avgarde mot Jerusalem på eiga hand. Bøndene hadde vorte råka av tørke, svolt og pest i fleire år før 1096, og for enkelte var dette sett på som eit høve til å forlate all denne lidinga. Det som oppeldna bøndene var mellom anna fleire astronomiske fenomen som skjedde frå starten av 1095, mellom anna meteorregn, nordlys, ein måneformørking og ein komet. Eit utbrot av mjølaukesoppsott, som vanlegvis likevel hadde ført til omfattande pilegrimsreising, skjedde òg like før rådet i Clermont. Millenarianisme, trua om at enden er nær, var populær tidleg på 1000-talet og fekk ein oppvsing i denne perioden. Reaksjonen var alt anna enn venta. Medan Urban hadde venta eit par tusen riddarar, enda han opp med 40 000 krossfararar, hovudsakleg utrente soldatar, inkludert kvinner og born.[5]

Ein karismatisk munk og mektig talar kalla Peter Eremitt av Amiens var den spirituelle leiaren til rørsla. Han var kjend for å ri på eit esel og var kledd i enkle klede. Han hadde forkynt om krosstoget gjennom Nord-Frankrike og Flandern og hevda at han var utpeikt av Kristus sjølv (og bar visstnok eit guddommeleg brev til å bevise det), og det er truleg at enkelte av tilhengjarane hans trudde det var han og ikkje Urban som kom med ideen om krosstoget. Det vert ofte tenkt at hæren til Peter bestod av uvitande og inkompetente bønder som ikkje hadde peiling på kvar dei skulle, og som trudde at kvar storby dei møtte på vegen var Jerusalem. Dei mange pilegrimane som reiste i Europa i lange periodar før dette må derimot ha gjort at folk flest var klar over kor langt borte Jerusalem låg. I tillegg til mange utrente bønder var det òg ein del lågarerangerte riddarar som førte dei, som t.d. Fulcher av Chartres og Walter Sans-Avoir.

Jødeforfølging[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Jødeforfølginga under det første krosstoget.

Preikene om det første krosstoget utløyste antisemittisme. I delar av Frankrike og Tyskland vart jødar sett på som like store fiendar som muslimar, og dei vart sett på som ansvarlege for krossfestinga, og dei var meir synlege enn dei fjerne muslimane. Mange lurte på kvifor dei skulle reise tusenvis av mil for å kjempe mot ikkje-truande, når dei hadde ikkje-truande så nær heimane sine.

Det er òg truleg at krossfararane trong pengane. Rhinland-samfunnet var relativt velståande, både fordi dei var isolerte og fordi dei ikkje hadde restriksjonar på lån av pengar, som dei kristne hadde. Mange krossfarar måtte setje seg i gjeld for å kunne kjøpe våpen og utstyr til ekspedisjonen. Sidan den vestlege kristendomen ikkje tillet åger (i motsetnad til ortodoks kristendom, som berre regulerte det) stod mange krossfarar i gjeld til jødiske pengeutlånarar. Med utstyret dei kjøpte for pengane tok dei så livet av jødane som ein del av det kristne oppdraget.

Walter og franskmennene[endre | endre wikiteksten]

Kart frå 1888 nær Semlin, elva Save og Beograd.

Peter samla hæren sin ved Köln den 12. april 1096, og planla å stoppe der og preike til tyskarane og samle fleire krossfararar. Franskmennene ville derimot ikkje vente på Peter og tyskarane, og under Walter Sans-Avoir si leiing la eit par tusen franske krossfararar i veg før Peter og nådde Ungarn den 8. mai. Dei reiste gjennom Ungarn og nådde elva Sava ved grensa til Austromarriket ved Beograd. Den beogradske kommandanten vart overraska og hadde ikkje fått ordre om kva han skulle gjere med dei. Han nekta derfor å sleppe dei inn og tvinga krossfararane til å plyndre landsbygda rundt etter mat. Dette førte til trefningar med garnisonen i Beograd og for å gjere det enno verre prøvde seksten av Walter sine menn å rane marknaden i Semlin i Ungarn. Dei vart fråtekne rustning og klede, som vart hengt ned frå bymurane, og til slutt fekk krossfararane løyve til å halde fram til Nish, der dei fekk mat og venta på beskjed frå Konstantinopel. I slutten av juli kom hæren til Konstantinopel med austromersk eskorte.

Köln til Konstantinopel[endre | endre wikiteksten]

Peter og resten av krossfararane reiste frå Köln rundt den 20. april. Om lag 40 000 krossfararar reiste samstundes, medan ei gruppe til følgde etter litt seinare (sjå Det tyske krosstoget).[5] Då dei nådde Donau valde delar av hæren å halde fram nedover Donau med båt, medan resten heldt fram til fots og gjekk inn i Ungarn ved Ödenburg (i dag Sopron). Dei gjekk utan problem gjennom Ungarn og møtte resten av hæren som kom ned Donau ved Semlin og grensa til Austromarriket.

I Semlin vart krossfararane mistenksame då dei såg seksten av Walter sine rustningar som hang frå bymurane og til slutt førte ein krangel om prisen på eit par sko på marknaden til eit opprør, som så eskalerte til eit totalt åtak på byen (truleg mot Peter sin vilje). 4000 ungararar mista livet. Krossfararane flykta så over elva Sava til Beograd, men berre etter trefningar med troppane i byen. Innbyggjarane i Beograd flykta og krossfararane plyndra og brende byen. Frå her marsjerte dei vidare i sju dagar og nådde Nish den 3. juli. Her lovde kommandanten i Nish at dei ville få mat og eskorte til Konstantinopel om dei lovde å reise med det same. Peter tok imot tilbodet og morgonen etter la han i veg. Eit par tyskarar kom derimot i krangel med nokre lokale innbyggjarar langs vegen og sette fyr på ei mølle. Peter mista kontrollen over hæren og til slutt sende Nish ut heile garnisonen sin for eit åtak på krossfararane. Krossfarane vart jaga i veg og om lag 10 000 av dei mista livet, om lag ein fjerdedel av heile hæren. Resten samla seg saman ved Bela Palanka.[5] Då dei nådde Sofia 12. juli møtte dei den austromerske hæren, som førte dei resten av vegen til Konstantinopel den 1. august.

Leiarskapen bryt saman[endre | endre wikiteksten]

Den austromerske keisaren Alexius I Comnenus visste ikkje kva han skulle gjere med ein så stor og uventa «hær» og førte raskt alle 30 000 krossfararar over Bosporus den 6. august.[7] Det har i ettertid vore mykje diskutert om han sendte dei utan austromerske førarar vel vitande om at dei kunne verte slakta av seldsjukkane, eller om dei insisterte på å halde fram inn i Asia trass i åtvaringane hans. Uansett er det kjend at Alexius gav Peter ei åtvaring om å ikkje gå til åtak på tyrkarane, som han meinte var langt kraftigare enn den svake hæren til Peter, og heller vente til resten av krossfararane kom til byen.

Peter møtte igjen dei franske krossfararane under Walter Sans-Avoir og fleire italienske krossfararar som kom til staden samstundes. Då dei kom til Asia byrja dei å plyndre byar og nådde Nicomedia der det braut ut krangel mellom tyskarane og italienarane på eine sida og franskmennene på den andre. Tyskarane og italienarane drog for seg sjølv og valde ein ny leiar, ein italienar kalla Rainald, medan Geoffrey Burel tok kommando over franskmennene. Peter hadde no fullstendig mista kontrollen over krosstoget.

Sjølv om Alexius hadde tilrådd Peter om å vente for fyrstane og den store hæren som var på veg, hadde Peter mista mykje av påverknaden sin over krossfararane som no gjekk med mot mot nærliggande byar før franskmennene nådde utkanten av Nicaea, ein skanse for tyrkarane. Tyskarane marsjerte med 6000 mann til Xerigordon og erobra byen. Dei nytta byen som base for plyndringstokt rundt om på landsbygda. Som følgje av dette sendte tyrkarane, leia av Kilij Arslan, ein stor hær for å ta tilbake Xerigordon[8] frå krossfararane, som vart tvunge til å drikke blod frå eslar og sin eigen urin for å få nok vatn. Enkelte av krossfararane som vart fanga konverterte til islam og vart sendt til Khorasan, medan dei som nekta å konvertere vart drepen.[9]

Slaget og utfallet[endre | endre wikiteksten]

Ved hovudleiren til krossfararane spreidde to tyrkiske spionar rykte om at tyskarane som erobra Xerigordon òg hadde erobra Nicaea, noko som førte til at mennene ville reise dit så raskt som mogeleg for å ta del i plyndringa. Tyrkarane låg sjølvsagt i lur langs vegen til Nicaea og då sanninga om kva som hadde skjedd med krossfararane i Xerigordon nådde krossfararane snudde begeistringa seg til panikk. Peter Eremitt hadde reist tilbake til Konstantinopel for å skaffe forsyningar og leiarane ønskte å vente på at han skulle komme tilbake (noko han ikkje gjorde). Geoffrey Burel, som hadde støtte hos mange i hæren, sa det var feigt å vente og at dei skulle gå mot tyrkarane med det same. Han fekk viljen sin og morgonen 21. oktober gjekk heile hæren på 20 000 mann mot Nicaea og etterlet kvinner, born, gamle og sjuke i leiren.[4]

Nokre kilometer frå leire, der vegen gjekk gjennom ein smal og skogkledd dal nær landsbyen Dracon venta den tyrkiske hæren i skjul. Då dei kom til dalen vart krossfararane møtt av eit regn av piler.[10] Panikken braut ut og i løpet av få minutt var det meste av hæren i full flukt tilbake til leiren. Dei fleste krossfararane vart slått ned, men born og dei som overgav seg fekk leve. Tusenvis av soldatar som prøvde å kjempe seg tilbake vart slått ned. Tre tusen, inkludert Geoffrey Burel, var heldige nok til å nå ei gammal og tom borg der dei klarte å stå imot tyrkarane. Til slutt reiste austromarane over sundet og jaga bort dei omleirande tyrkarane. Dei få tusen krossfararane reiste tilbake til Konstantinopel og var dei einaste som overlevde Folkekrosstoget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Victory in the East: A Military History of the First Crusade av John France, s. 159
  2. The Complete Idiot's Guide to the Crusades av Paul L. Williams, s. 48
  3. Rights: A Critical Introduction av Tom Campbell, s. 71
  4. 4,0 4,1 J. Norwich, Byzantium: The Decline and Fall, 35
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 J. Norwich, Byzantium: The Decline and Fall, 33
  6. The Routledge Companion to Medieval Warfare av Jim Bradbury, s. 186
  7. J. Norwich, Byzantium: The Decline and Fall, 34
  8. The Routledge Companion to Medieval Warfare av Jim Bradbury, s. 186
  9. The First Crusade av Steven Runciman, s. 59
  10. The First Crusade av Steven Runciman, s. 60