Folkemedisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Døme på «folkemedisin» eller «tradisjonell legekunst»: «Smöjning» av eit barn med engelsk sjuke i Uppland i Sverige 1918. Metoden innebar å trekka den sjuke, oftast barn, gjennom eit trongt hol eller forvridd tre for å gjera han frisk.

Folkemedisin er eit laust omgrep som omfattar alt frå gamle overleveringer frå tidlegare tider til såkalla alternative medisinen i moderne tid. Mange naturmiddel i Noreg har opphavet sitt i tradisjonell norsk og europeisk folkemedisin. Begripen folkemedisin har i Noreg mellom anna bakgrunn frå såkalla «svartebøker», frå talrike gamle legebøker og frå munnlege overføringar gjennom generasjonar.

Den gamle folkemedisinen er ei blanding av gammal legekunst og rein overtru, blanda med eit vidt spekter av praktisk urtemedisin, formular og mystikk.

Bruk av tran til både ernæring og behandling er eit gammalt folkemedisinsk råd som framleis blir brukt og som også er dokumentert medisinsk. Bruken av tran til til dømes sårbehandling har samanheng med vitamininnhaldet. Bruk av salver med vitamin A er òg eit døme. Allereie på 1700-talet var det vanleg å bruka tran mot engelsk sjuke. Fyrst på 1900-talet oppdaga ein innhaldet av A- og D-vitamin i tran.

Gammalost, som inneheld muggsopp av same slag som penicillin, er kjend i folkemedisinen som eit middel mot forkjøling og hoste.

Likevel har mange folkemedisinske råd eit preg av religiøse førestillingar og seremoniar eller mystiske og trolldomsmessige handlingar. Tanken bak dette er at ein overfører sjukdommen frå den sjuke til noko anna, til dømes til ein heilag gjenstand.

Dei siste åra har fleire urtepreparat frå folkemedisinen i andre land blitt introduserte. Ginseng er det vanlegaste dømet på dette.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om folkemedisin i søkbare bøker i Nasjonalbiblioteket[endre | endre wikiteksten]