Folkemusikkarkivet for Rogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkemusikkarkivet for Rogaland er organisert som ei avdeling ved Ryfylkemuseet, men har heile Rogaland som arbeidsfelt. Folkemusikkarkivet skal ta vare på og vidareformidle folkemusikk- og folkedanstradisjonane i fylket, og vere eit fagleg kompetansesenter. Arkivet arbeider med å dokumentere ulike sider ved folkemusikk- og folkedanstradisjonane i fylket, utifrå ein vid definisjon av folkemusikkomgrepet. Kvart år arrangerer Folkemusikkarkivet FolkemusikkhelgaMo Laksegard i Suldal kommune.

Formidling og kurs er ein viktig aktivitet ved Folkemusikkarkivet

Folkemusikkarkivet sine samlingar[endre | endre wikiteksten]

Arkivet har innspelingar med utøvarar frå dei fleste kommunane i fylket, dels materiale som er samla av arkivet sjølv, dels materiale frå private samlingar og kopiar frå andre arkiv. I tillegg finst ei lita videosamling, ein del notemateriale, tekstar og eit skriftarkiv med ulike typar bakgrunnsstoff. Her er og eit bibliotek med faglitteratur og ei lita cd-samling.

Lydopptak[endre | endre wikiteksten]

Spoleband, dat-kassettar og mc-kassettar. Song, intervju, spel på hardingfele, fele, durspel, kromatisk trekkspel, munnspel, mandolin med meir. Lydopptaka er av varierande kvalitet, avhengig av alder, opptakssituasjon, opptaksutstyr og alder/helsetilstand på utøvar. Størsteparten av lydopptaka er digitaliserte og er lagra som digitale lydfiler.

Videoopptak[endre | endre wikiteksten]

Opptak av dans, opptak av konsertar og andre formidlingssituasjonar, opptak frå lokale kappleikar og andre lokale arrangement.

Biletsamling[endre | endre wikiteksten]

Bilete av informantar, av musikkinstrument og bilete frå ulike formidlingsprosjekt.

Notesamling[endre | endre wikiteksten]

Notar nedteikna direkte etter informantar, notar nedteikna etter band, kopi av eldre notesamlingar, private og frå andre arkiv.

Tekstsamling[endre | endre wikiteksten]

Handskrivne visebøker, tekstar nedteikna av eller etter informantar, tekstar nedteikna etter band.

Bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Fagbøker og avhandlingar om folkemusikk, visebøker, slåttesamlingar, undervisnings-materiell, tidsskrift og ei lita cd-samling med folkemusikk frå ulike kantar av landet. Biblioteket har også mange årgangar av Spelemannsbladet. Brukarar kan ikkje låne med seg bøker og anna heim.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Avisutklypp, artiklar om folkemusikk, brev, notat frå feltarbeid, notat og skjema i samband med instrumentregistrering.

Folkemusikkarkivet sine tenester[endre | endre wikiteksten]

Folkemusikkarkivet for Rogaland er eit offentleg arkiv. Utøvarar, studentar, skuleelevar, lærarar, forskarar og andre interesserte er velkomne. Brukarar kan sitte på arkivet og lytte til gamle opptak. Dersom informanten har gitt løyve, kan brukaren få ut ein kopi av opptaket. Dette skal berre brukast til eiga opplæring. Brukarar kan og få kopi av noter eller tekstar og studere anna bakgrunnsmateriale.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]