Folkeopplysningsprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkeopplysningsprisen er ein pris innstifta av Vaksenopplæringsforbundet. Prisen er delt ut årleg sidan 1998 i samband med kampanjen «Læringsdagane for vaksne» (tidlegare «Veka for vaksnes læring»).

Folkeopplysningsprisen har etter statuttane som mål «å verdsetje enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller institusjonar for yting ut over det vanlege, over tid, med å skape føresetnader for og stimulans til frigjering, solidarisk samhandling, vekst og utvikling gjennom kunnskap. Innsatsen skal vere tufta på humanistisk grunn. Prisen skal medverke til å fremje arbeidet med demokratisering av kunnskap og kunnskapsformidling, auka von for deltaking og oppleving, refleksjon og bruk av eiga røynsle.»[1]

Mottakarar[endre | endre wikiteksten]

Utdelinga av Folkeopplysningsprisen 2011
Foto: Nina Aldin Thune

I 2005 var Noreg arrangør av International Adult Learners Week, og i samband med veka blei det delt ut to folkeopplysningsprisar. Éin med fokus på internasjonalt arbeid i Noreg, tildelt Ryfylkemuseet, og éin med fokus på internasjonalt arbeid i den tredje verda, tildelt Lucky Næroset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]