Folkepølsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkepølsa er eit revynummer skrive av Einar Schanke og Alfred Næss. Skodespelaren og imitasjonskunstnaren Rolf Just Nilsen framførte nummeret under revyen Det går på by'nChat Noir i Oslo hausten 1959.

Revynummeret tek utgangspunkt i det sosialdemokratiske fokuset på «folkeheimen» som prega samtida. Schanke og Næss vidareutvikla omgrepet - og forfatta ein humoristisk-satirisk tekst der «Folkepølsa» er utgangspunktet for ein debatt i Stortinget. Revynummeret blei særleg vellukka fordi Rolf Just Nilsen presenterte svært truverdige imitasjonar av framstående dåverande stortingspolitikarar: Just Nilsen innleier stykket med ein parodi av statsminister Einar Gerhardsen, og vekslar deretter mellom lett gjenkjennelege imitasjonar av fleire politikarar. Per Borten og Jon Leirfall frå Senterpartiet er representerte, det same er John Lyng frå Høgre og Stortingspresident Nils Langhelle (Arbeidarpartiet). Følgjande ord er tillagt Venstre-representanten Bent Røiseland: «Med pylså vår er du aldri nauen, beste pylså sidan Svartedauen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Odd Bang-Hansen. Chat Noir og norsk revy. Oslo 1961: Cappelen.