Folkestad skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkestad skule er ein barneskule med 120–130 elevar som ligg ved Oterholt i Bø kommune i Telemark. Skulen underviser frå 1. til 7. trinn og har skulefritidsordning. Skulebygget blir også nytta som grendehus.

Skulen har to bygningar, eitt undervisningsbygg og eitt administrasjonsbygg. Undervisningsbygget har gymsal, skulekjøken, sju klasserom, sju grupperom, musikkrom og bibliotek. I tillegg er det ein SFO-base med eit lite kjøken. Det er også kjellar under delar av byggverket, der det er garderobar, dusjar, lagerrom og tekniske rom. Administrasjonsbygget er den eldste bygningen og vart bygd på 1920-talet. I uteområdet ved skulen er det ballbane og leikeplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]