Folkestadbyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°11′1″N 8°5′37″E / 59.18361°N 8.09361°E / 59.18361; 8.09361 Folkestadbyen i Fyresdal kommune har tidlegare utgjort sentrum i bygda. Det var her, der den gamle hovudvegen mellom gardstuna langs Fyresvatn kryssa Sitjeåi, at det på 1870-talet oppstod eit nærings- og handverkssentrum på grunnen til den gamle Folkestad gard. Det var tre gater i eit triangelmønster; hovudvegen, Skippergata og Lensmannsgata. I laupet av 40 år vart små hus flytta dit frå andre delar av bygda, eller nye hus vart oppført, fleire av dei i sveitserstil.

Her budde ikkje berre handverkarar av ymse slag, men òg folk som lensmann, kaptein på rutebåten på Fyresvatn, postkøyrar, jordmor og handelsmenn. Innanfor denne litle byen fanst så seint som for 60 år sidan fem-seks daglegvarebutikkar med assortert utval, manufakturhandel, meieri, bakeri, bedehus og vertshus. I dag er forretningane samordna og redusert i mengd, og delar av tettstaden går no inn saman med eit titals kjempefuruer i Øyskogen i Fyresdal Bygdemuseum som vidare går inn i samlingane til Vest-Telemark Museum. Likevel er det framleis liv i Folkestadbyen, småhusi som ikkje går inn i museet er no bustader, og det finst enno butikkar og vertshus. Folkestadbyen fekk i 2003 tettstadsprisen for Telemark.

I dag utgjer Folkestadbyen ein del av tettstaden Moland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]