Folketeljing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folketeljing vert gjort med jamne mellomrom i dei fleste landa i verda for å føre statistikk over innbyggjartal og andre demografiske tilhøve. Formålet med teljingane var i tidlegare tider å få betre grunnlag for skatteinnkreving eller betre oversyn over rekrutteringa av soldatar, men statistikk kan brukast til mange ulike formål.

Dei eldste kjende folketeljingane vart haldne i Babylon, Egypt og i Kina 2000–3000 f.Kr. Romerrikets folketeljingar er kjende frå Bibelen, der er dei kalla «manntal».

På 1700-talet organiserte mange land i Europa folketeljingar, mellom dei Island i 1701, Sverige i 1748 og Danmark-Noreg i 1769. USA hadde si første folketeljing i 1790 mens England og Frankrike heldt sine første folketeljingar i 1801.

Norske folketeljingar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det gjennomført fullstendige systematiske folketeljingar sidan 1769. I 1769 vart også kvinnene talde med, berre dei yrkesmilitære er haldne utanfor. I motsetnad til dei eldre manntala inneheld denne teljinga ingen individualopplysningar, berre dei prestegjeldsvise summariske data om alder, kjønn og yrke er tekne vare på. For Vefsn (som då òg omfatta Grane og Hattfjelldal vart namnelistene tekne vare på, og dei er tilgjengelege gjennom Digitalarkivet.

På 1600-talet vart det ført manntalslister som berre inneheldt opplysningar om menn eller kvinner som hadde eigen gard.

Ved dei siste folketeljingane har dei kombinert opplysningar på spørjeskjema med opplysningar frå blant anna Folkeregisteret og GAB. Den siste folketeljinga i Noreg vart gjennomført 3. november 2001. Dei registra som finst over befolkning, sysselsetting og bustader er no så omfattande at styresmaketene meiner det ikkje er naudsynt å gjennomføre fleire skjemabaserte teljingar

Søking etter personar i folketeljingene[endre | endre wikiteksten]

Folketeljingane for 1801, 1865, 1875, 1900 er digitalisert av Digitalarkivet og Registreringssentral for historiske data, og er gjort søkbare på nettet. For den første folketeljinga, som vart halden i 1769, er dei fleste av namnelistene gått tapt, slik at berre dei numeriske resultata er tatt vare på.

Folketeljingar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • 1769 – 723 618 innbyggjarar
  • 1801 – 883 603 innbyggjarar
  • 1815 – 885 431 innbyggjarar
  • 1825 – 1 051 318 innbyggjarar
  • 1835 – 1 194 827 innbyggjarar
  • 1845 – 1 328 471 innbyggjarar
  • 1855 – 1 490 047 innbyggjarar
  • 1865 – 1 701 756 innbyggjarar
  • 1875 – 1 813 424 innbyggjarar
  • 1891 – 2 000 917 innbyggjarar
  • 1900 – 2 240 032 innbyggjarar
  • 1910 – 2 391 782 innbyggjarar
  • 1920 – 2 649 775 innbyggjarar
  • 1930 – 2 814 194 innbyggjarar
  • 1946 – 3 156 950 innbyggjarar
  • 1960 – 3 591 234 innbyggjarar
  • 1970 – 3 874 133 innbyggjarar
  • 1980 – 4 091 132 innbyggjarar
  • 1990 – 4 247 546 innbyggjarar
  • 2001 – 4 520 947 innbyggjarar

På nettet:[endre | endre wikiteksten]