Follaksla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Follaksla er ein fjellrygg som strekkjer seg i vestleg retning frå Hosteggja og vestover mot garden Follan. Fjellryggen er ikkje særleg høg, men det er ganske snøfast der og skiføret kan halda seg lenge utover våren. Plantelivet er rimeleg trivielt på fjellryggen, men heiblåfjør, som har nordgrensa si på desse traktene, er observert der.