Folque av Folque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folque
Studioalbum av Folque
Utgjeve 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 37:08
Selskap Philips Records
Produsent Øystein Sunde
Folque-kronologi 
Folque Kjempene på Dovrefjell
(1975)


Folque er debutalbumet til den norske folkemusikkgruppa Folque, utgjeve i 1974. Albumet vart spelt inn i Rosenborg Studios frå 21. til 24. oktober.[1] Albumet er produsert av Øystein Sunde. Gruppa spelte først inn ein demo i kjellaren til Øystein Sunde, deretter tok Sunde tapen med seg til Phonogram, og plata vart gjeve ut same året.[2]

Debutalbumet til Folque viser overgangen frå visegruppe til folkrockband. Sjølv om det var el-gitar på eit par spor (Jørn Jensen og Øystein Sunde), og gruppa fekk hjelp i studio av trommeslagar Thor Andreassen, var det framleis eit stykke fram. Nokre av låtane er henta frå Steeleye Span og Pentangle, men gruppa var på veg mot eit eige repertoar bygd på norske balladar og felelåtar. Alle låtane var tradisjonelle folkeviser som var arrangerte av bandet.

«Reinlender» med Trond Villa som solist og med Trond Øverland sitt bassriff vart ein av dei mest kjende låtane til gruppa og var på repertoaret gjennom hele levetida til Folque.

Albumet vart nymastra gjeve ut på ny på Pan Records i 1993.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Skjøn jomfru»folkevise frå Tresfjord4:26
2.«Ravnene»skotsk folkevise, omsett av S. Grundtvig, bretonsk tone2:31
3.«Springar»tradisjonell1:17
4.«Sjugur og trollsbrura»norsk kjempevise2:37
5.«Nissedans]»tradisjonell2:25
6.«Harpa]»engelsk folkevise, omsett av Amundsen/Bing4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Sinclairvise»Edvard Storm3:24
8.«Reinlender»tradisjonell1:57
9.«Alison Gross»engelsk folkevise, omsett av S. Grundtvig3:49
10.«Steffa går til Selfjord»tradisjonell3:50
11.«Reven og bjørnen»norsk folkevise3:22
12.«Heimat låta»tradisjonell1:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Plateomslaget til CD-utgåva
  2. http://www.folque.net/