Fond for utøvende kunstnere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fond for utøvende kunstnere er eit norsk fond som gjev økonomisk stønad til prosjekt som profesjonelle utøvande kunstnarar tek del i, og til innspelingar som vert gjort i Noreg. I båe høve må utøvarane bu i Noreg og hovudsakleg ha verksemda si i landet. Prosjektstønad skal berre gå til honorar til medverkande profesjonelle utøvarar som er busette i Noreg. Dei som kan søkje om midlar frå fondet må vere profesjonelle musikarar, skodespelarar, dansarar, sceneinstruktørar, dirigentar eller andre som i sin kunst framfører åndsverk som utøvande kunstnarar.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Fondet var skipa i 1957 etter at Stortinget vedtok i 1956 ei lov om avgift på bruk i offentleg samanheng av opptak av prestasjonar av utøvande kunstnarar, som i dei dagane ville seie å spele av grammofonplater eller bandopptak. Avgifta skulle til fondet, ikkje til dei einskilde utøvarane som det vart betalt avgift for å nytte opptaka av. Dette var ei solidarisk, kulturpolitisk løysing som skulle gje norske profesjonelle utøvarar høve til å søke stønad frå fondet på grunnlag av det føremålet dei gjorde greie for.

Etter seinare lovendringar, seinast i 2000, vart ordninga slik at Noreg fekk eit todelt system, ei vederlagsordning for opptak som er verna etter Åndsverklova, og ei kulturpolitisk ordning for opptak som ikkje har vern etter Åndsverklova, som i praksis hovudsakleg var og er USA-amerikanske innspelingar. Vederlaga for dei verna opptaka går såleis til innehavarane av opphavsretten til opptaka, innkravd og betalt til rettshavarane av interesseorganisasjonen GRAMO - Musikernes, artistenes og plateselskapenes vederlagsbyrå, medan det berre er vederlaga for dei ikkje-verna opptaka som går inn i Fond for utøvende kunstnere. Stortinget fastsette at fondet skulle vere eit rent kulturfond til stønad for profesjonelle utøvarar som bur og har verksemda si i Noreg, og til norske innspelingar. Avgrensa til dei midla fondet rår over ved vederlaga som vert mottek for dei ikkje-verna opptaka, skal fondet bidra til at ålmenta får tilgang til levende utøvarprestasjonar innanfor alle sjangrar og utøvarkategoriar.

Gammleng-prisen[endre | endre wikiteksten]

Fond for utøvende kunstnere har frå 1982 delt ut Gammleng-prisen kvart år. Prisen har namn etter Rolf Gammleng, som var forbundsleiar for Norsk Musikerforbund då fondet vart skipa, og som bidrog sterkt til dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]