Fonogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om lydopptak. For språklyden, sjå bokstav.

Fonogram er eit samleomgrep for lydopptak, særleg på lydberande medium der lydar er spelt inn, lagra og kan avspelast mekanisk, men òg på elektroniske og digitale medium. Omgrepet er ikkje mykje brukt utanfor platebransjen. I starten brukte ein berre nemninga plate, men ved inntoget til kassetten vart det ikkje dekkande. Etterkvart som ulike nye medium blir brukt til distribusjon av lydar og musikk, er omgrepet vorte meir aktuelt. Likevel er det enno vanleg å snakke om plateselskap og platebransjen.

Orda fonogram er sett saman av dei greske orda for «lyd» og «skrift». Lydopptak er opptak og lagring av lydar ved hjelp av mekaniske eller elektriske apparat, til dømes fonograf, grammofon, bandopptakar eller datamaskin, innspelingar som sidan kan spelast av ved hjelp av dei same eller andre apparat. Lydopptak blir brukt om sjølve mediet lyden er lagra på. Dei eldste kjende verna lydopptaka er frå rundt 1860.[1]

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Opptak på voksrull og voksplate[endre | endre wikiteksten]

Thomas Edison fann opp fonografen sin i 1877, og spelte inn si eiga stemme med barnerimet «Mary had a little lamb». Dei første musikkopptaka vart ikkje gjort før 1887-1888. Edison brukte sylinderforma voksrullar. Ti år seinare utvikla Emelie Berliner ein nye teknologi der plater erstatta voksrullane. Denne metoden bestod til langt utover 1900-talet. Teknologien på både avspeling og innspeling utvikla seg i fleire steg. Fonografen tok opp lydar direkte gjennom ei trakt, som vart skrive inn på ein voksrull. Ein rull kunne halde omtrent 2 minutt.

Elektrisk opptak frå 1925[endre | endre wikiteksten]

Eit stort gjennombrot var oppfinninga av elektrisk opptak, det vil sei av mikrofonen og forsterkaren. No fekk ein langt betre kvalitet og frekvensspekter. Dei første elektriske musikkopptaka kom ut på marknaden i 1925.

Det har vorte utvikla ulike teknikkar og apparat for å ta opp lydar. Fonogram omfattar lydberande medium som fonografvalser, voksrullar og andre tidlege mekaniske medium der vibrasjonane frå lydbølgjene rissa eit varierande spor i overflata. Det same gjeld grammofonplater, det vil seie sirkelrunde plater der lyden på same måte vart rissa eller støypt som spor for attgjeving ved hjelp av ein grammofon, altså ein analog platespelar.

Fonogram kan òg lagrast på magnetband, elektronisk lagringsmedium som lydband og lydkassettar. Det er lange spoleband av plast og andre material som er påført magnetisk jernstøv som med elektronikk i ein bandopptakar ordnast i samsvar med lyden. Her omformar, styre og forsterkar elektrisk straum lyden via eit såkalla lydhovud. Den elektriske krafta og dermed lyden kan òg styrast av varierande lysstyrke, og dette systemet vart nytta i lydfilmen, der filmrullen ved sida av bileta inneheld eit visuelt «lydspor» som slepp gjennom og regulerer ein lysstråle til eit avlesarhovud.

Vinyl[endre | endre wikiteksten]

Fram til krigen vart platene laga av skjellakk, ein type voks importert frå India. Under krigen stoppa forsyninga opp, og ein måtte finne eit alternativ. Ein utvikla vinyl, eit plastmateriale som viste seg å ha mykje høgare kvalitet. Ein fekk mykje finare riller. Platene fekk plutseleg meir plass (long playing – LP), meir enn 20 minutt per side. Men viktigare var at med vinyl forsvann skrapinga frå dei gamle voksplatene.

Mange av dei store internasjonale plateselskapa som finst i dag, vart starta rundt første verdskrigen. Plate- og musikkbransjen har sidan vakse til ein svært omfattande masseindustri og hovuddelen innanfor underhaldningsindustrien. Denne industrien pregar kvardagen til menneske over heile verda og har danna grunnlaget for utviklinga av den moderne populærkulturen.[treng kjelde]

Magnetisk lydband[endre | endre wikiteksten]

Magnetisk lydband hadde vore i bruk sidan 1930-talet til film. Under krigen hadde tyskarane utvikla ein type lydband med høg kvalitet, og dette vart etter krigen standard medium til master for lydinnspelingar. Forbrukarane vart tilbode kassettband frå 1963.

Stereo[endre | endre wikiteksten]

Stereoopptak vart vanleg frå 1954.

Digitalt lydopptak[endre | endre wikiteksten]

Digitalisering av lydar vart eksperimentert med frå slutten av 1960-talet av telefonselskap og kringkastingsselskap. Den første plateutgjevinga (på LP) som brukte ei digital master, kom i 1979. CD-plata kom tilslutt i 1982, og erstatta etter kvart LP-en.

I digitale system som CDar og minidiskar er lyden lagra som mikroskopiske punkt eller hol på ei plastplate for optisk avlesing, elektronisk forsterking og digital handsaming til lydar i eit lydanlegg. Frå 1990-talet er det òg vorte vanleg med heildigitale system for lydopptak ved hjelp av datateknologi. Det finst ulike dataprogram som kan ta opp og spele av lydar og lagre lydfilene på ein harddisk. Eit vanleg lydfil-format er mp3.

Dei ulike typane fonogramtypane kan innehalde lydar av alle slag. Lydmedium for sal inneheld stort sett musikk, men ein kan òg finne tale i form av til dømes språkundervising og lydbøker. I tillegg blir lydmedium brukt som lagring av radioprogram.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]