Fonologi i prærie-cree-språket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne framstillinga av fonologien i prærie-cree-språket beskriv stavings-struktur, vokalar, konsonantar og konsonant-grupper.

Stavingsstruktur[endre | endre wikiteksten]

Prærie-cree har desse seks stavings-typane, der C = einskild-konsonant, V = kort eller lang vokal:

  • 1 V
  • 2 VC
  • 3 CV
  • 4 CVC
  • 5 CVCC
  • 6 CCV
  • 7 CCVC
  • 8 CCVCC




Stavingstype 1 og 2, som manglar opptakt, finst berre i framlyd (dvs. fremst i ord), slik at vokalane i to stavingar som fylgjer rett etter einannen, alltid er skilde med éin eller to konsonantar. Stavingstype 5 og 8, med to konsonantar i koda, finst berre i utlyd (dvs. i slutten av ord). Her er nokre døme på ulike stavings-typar, der stavingsgrenser er markerte med eit punktum:

  • V.CVC a.tim 'hund'
  • CV.CVC.CVC pi.mih.kān 'pemmikan'
  • V.CVCC a.misk 'bever'
  • VC.CCV.CVC os.pwā.kan 'pipe'
  • CCVC.CV.CVC kwah.ko.tēw 'det står i brann'

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Prærie-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokal-symbolet:

  • Vokalar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong i ī
Midtre ē o ō
Open a ā

Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronenē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Språket har ti konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:

  • Konsonantar
Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv/affrikat p t c k  
Frikativ s h
Nasal m n
Halvvokal w y

Plosivane og affrikatane p t c k er stemde mellom vokalar og mellom ein vokal og ein halvvokal, og ustemde elles. C blir uttala [ʧ] eller [ʦ] når han er ustemd og [ʤ] eller [ʣ] når han er stemd, som vist i desse døma:

p t c k
I framlyd
(fyrst i ord)
pahki 'delvis'
[pahki]
tahki 'heile tida'
[tahki]
Mellom vokalar og
mellom vokal og halvvokal
wāpamēw 'han ser han'
[waːbameːw]
atim 'hund'
[adim]
Etter frikativ ospwākan 'pipe'
[ospwaːgan]
I utlyd
(sist i ord)
nīsosāp 'tolv'
[niːsosaːp]
mihcēt 'mange'
[mihʧeːt]

Konsonantgrupper[endre | endre wikiteksten]