Fonologien i hindi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hindi er eit språk med eit relativt enkelt fonemsystem som skil mellom lange og korte vokalar og konsonantar. Språket har eit komplisert trykksystem der trykket i dei fleste tilfelle fell på den siste tunge stavinga, men ikkje på siste staving

Segmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Hindi har eit rikt konsonantsystem med kring 38 sjølvstendige konsonantar (grunnen til at eit nøyaktig tal ikkje kan oppgjevast er at nokre av konsonantane varierer mellom ulike dialektar av hindi — og i tillegg er nokre av konsonantane berre bruka i framandord, slik at det er tvil om dei skal reknast med som del av det primære lydsystemet.)

Den tradisjonelle kjernen i konsonantsystemet, nedarva frå sanskrit, er ein mesta matematisk matrise av 25 lukkelydar der luftstraumen gjennom munnen er fullstendig blokkerte, og 8 sonorantar og frikativar. I tillegg kjem 6 lydar med opphav i farsi og arabisk som no er rekna som ein intern del av lydsystemet i hindi.

Dei fem lukkelydane kan delast inn i fem grupper der kvar gruppe deler same artikulasjonsstad. Desse posisjonane, etter tradisjonell rekkjefølgje, er: velar (som k i norsk baka), retrofleks (som rt i austlandsk borte), palatal (som tj i trøndersk itj), dental (som t i trøndersk bita) og bilabial (som p i norsk gapa).

I kvar gruppe er det fem artikulasjonsmåtar. Desse artikulasjonsmåtane er nasal, og i tillegg stemt og ustemt lukkelyd, der båe desse kan vera anten aspirert (som vanleg norsk k i kar) eller uaspirert (som norsk innlyds-k i baka). Skilnaden mellom aspirerte og uaspirerte konsonantar er det vanskelegaste elementet i lydsystemet i hindi for nordmenn — og da særleg uttalen av dei stemte aspirerte lukkelydane घ [gh], झ [jh], ढ [ḍh], ध [dh], भ [bh].

Dei fire resonantane er y (som norsk j), r (som austnorsk r i køyre), l (vanleg tynn l) og v (som ein slapp norsk v eller som engelsk w).

Bilabial Labio-
dental
Dental Alveolar Retrofleks Post-alveolar/
Palatal
Velar Uvular Glottal
Plosiv (uaspirert)
Plosivar (aspirert)
p
b

t̪ʰ

d̪ʱ
ʈ
ʈʰ
ɖ
ɖʱ
k
g
q
Affrikatar ʧ
ʧʰ
ʤ
ʤʱ
Nasalar m n ɳ (ɲ) (ŋ)
Frikativar f ʂ x ɤ (χ) (ʁ) (h) ɦ
Sibilantar s z ʃ
Triller r
Tappar ɽ
ɽʱ
Approksimantar ʋ j
Lateral
approksimant
l

Dei 25 lukkelydane opptrer i fem grupper, der kvar gruppe har same artikulasjonsstad, her lista opp forfrå og bakover, bilabial, dental, palatal,retrofleks og velar. Kvar artikulasjonsstad har fem ulike konsonanat, fire orale lukkelydar og ein nasal. Dei orale lukkelydane kan vere stemt, aspirert, begge, eller ingen avdelane. Tabellen viser konsonantane i devanagari, IPA-transkripsjon, og ei attgjeving i norsk, engelsk eller spansk. Konsonantane er skrive som om dei skulle få schwa (/ə/), etter seg.

Plosivar
Uaspirert
Ustemt
Aspirert
Ustemt
Uaspirert
Stemt
Aspirert
Stemt
Nasalar
Velar /kə/
k; norsk: skole
/kʰə/
kh; aspirert /k/
/gə/
g; norsk: garn
/gʱə/
gh; aspirert /g/
/ŋə/
n; norsk: ring
Palatal / tʃə/
ch; engelsk: chat
/tʃʰə/
chh; aspirert /cɕ/
/ dʒə/
j; engelsk: jam
/ dʒʱə/
jh; aspirert/mumla /ɟʝ/
/ɲə/
n; nordnorsk: han
Retrofleks /ʈə/
t; austnorsk: fort
/ʈʰə/
th; aspirert /ʈ/
/ɖə/
d; norsk: dust
/ɖʱə/
dh; aspirert/mumla /ɖ/
/ɳə/
n; austnorsk: morna
Apikodental /t̪ə/
t; spansk: tomate
/t̪ʰə/
th; aspirert /t̪/
/d̪ə/
d; spansk: donde
/d̪ʱə/
dh; aspirert/mumla /d̪/
/nə/
n; norsk: name
Labial /pə/
p; norsk: spinne
/pʰə/
ph; aspirert /p/
/bə/
b; norsk: bein
/bʱə/
bh; aspirert/mumla /b/
/mə/
m; norsk: min

I tillegg har hindi eit mindre system av sonorantar.

Ikkjeplosivar/Sonorantar
Approksimantar /
Triller
/jə/
y; norsk: jo
/rə/
r; norsk: trippe
/lə/
l; norsk: låve
/ʋə/
v; norsk: vase
Sibilant/
Frikativ
/ʃə/
sh; norsk: sjikane
/ʂə/
sh; Retrofleks /ʃ/, norsk skjorte
/sə/
s; norsk: same
/hə/
h; norsk: helse

I tillegg er nokre lydar som har kome til hindi gjennom ord lånte frå andre språk, hovudsakleg persisk og arabisk, skrivne med ein prikk (kalla nukta eller bindu) under bokstaven som svarar mest til lyden. Nuktaen er også brukt for å skriva ड़ /ɽə/ og ढ़ /ɽʱə/, som ikkje stammar frå lånord, men er variantar av vanlege stemte stoppar. Nuktaen er sett på som eit diakritisk teikn og nukta-bokstavane er dimed tradisjonelt ikkje inkluderte i alfabetlista.

Tilleggslydar
Symbol IPA-uttale og namn Døme Ofte uttalt som:
क़ /qə/ ustemt uvular plosiv arabisk Qur'an /k/
फ़ /fə/ ustemt labiodental frikativ frukt /pʰ/
ख़ /xə/ ustemt velar frikativ tysk doch /kʰ/
ग़ /ʁə/ stemt velar frikativ persisk Mughal /g/
ज़ /zə/ stemt alveolar frikativ engelsk zoo /ɟ / eller / dʒ/
ड़ /ɽə/ uaspirert retrofleks tapp ingen
ढ़ /ɽʱə/ aspirert retrofleks tapp ingen

Som den siste kolonnen viser er desse lydane, bortsett frå ड़ /ɽə/ og ढ़ /ɽʱə/, ofte uttalt på ein måte som verker meir naturleg i hindi, med ein lyd som allereie finst på hindi. Dei siste to lydane, som høyrer heime i hindi, er ofte uttalte feil av dei som ikkje har språket som morsmål eller snakkar ein sørleg dialekt.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalfirkant med typisk uttale av vokalane på hindi. (Grafikk: Jeffrey Connell)

Vokalsystemet i hindi tek utgangspunkt i dei tre vokalane a, i og u, som alle kan vera korte eller lange. I tillegg finst dei lange vokalane e og o og diftongane ai au. I nordvestlege dialektar av hindi, inkludert khari boli, blir diftongane ai og au monoftongerte til dei halvlåge vokalane [ɛ:] og [ɔ:]. Dette er eit trekk som er lånt frå panjabi. Kort e finst òg i uttalen av enkelte ord. Desse orda blir ikkje skrivne med det utvida devanagari-teiknet for kort e (ऎ), men blir i staden skriven som kort i; ordet [ekkā] ‘vogn’ blir dermed skrive som इक्का (ikkā). Det er ein tendens til samanfall i uttalen av kort og lang u i utlyd, og på same vis av kort og lang i. Vokalane kan vera orale (ikkje-nasale) eller nasale. (Nasalisering blir i translitterasjon av indiske språk attgjeven som .) Denne skilnaden er meiningsberande som vi ser av det minimale paret है [hai] ~ [hɛ:] ‘han/ho er’ og हैं [haiṃ] ~ [hɛ:ṃ] ‘dei er’.

Suprasegmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Lengd[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste elementet i prosodien i hindi er fonemlengd — både i konsonantar og vokalar.

Trykk[endre | endre wikiteksten]

Stavingar i hindi kan vere korte (K)V, lange (K)VX, eller overlange (K)VXX (der X = konsonant eller vokal, og lang vokal og konsonant blir markert VV og KK). Viss ordet inneheld ei eller fleire overlang(e) staving(ar) fell trykket på den siste overlange stavinga. Viss ikkje fell trykket på den tunge stavinga som er lengst til høgre (ikkje medrekna siste staving). Viss ordet ikkje har tunge stavingar fell trykket på siste staving.

Hovudtrykket blir vanlegvis markert med lågtonekontur. Alt i alt gjer dette at hindi (og urdu) kling noko monotont i øyro på folk frå høgtonespråk som (mange former av) engelsk og italiensk. Språkmelodien i hindi og urdu kan derimot minne mykje om norsk austlandsmål, som også realiserer trykksterke stavingar med lågtone (i tonelag 1-ord).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]