Fonologisk segment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit fonologisk segment er ei fonologisk eining som svarer til eit fonem eller ein fon, med andre ord ein vokal eller ein konsonant. I søraustlandsk /s/, /e/, /ɡ/, /m/, /e/, /n/ og /t/ i /seg¹ment/ 'segment' eller [s̻], [ɛ], [ɟ], [m], [ɛ], [n̻] og [t̻] i [s̻ɛ́ɟˈmɛ̀n̻t̻] 'segment' finn vi sju fonologiske segment etter kvarandre.

I lingvistikken blir segment nytta meir allment om ei eining som er ein del av ein sekvens eller ei kjede av einingar av same type. Ordet segment kjem av latin sēgmentum 'avskore stykke', som er avleitt av verbet secāre 'skjere, hogge, sage, klippe'.