Fontene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fontana di Trevi i Roma er frå 1730, men har fått moderne ljossetting
Glaspalast-Brunnen på Weißenburger-Platz i München i Tyskland

Fontene (uttalt: fonténe, frå latin fons, «kjelde», via fransk fontaine), òg kalla springvatn, er små eller store kunstnerisk utforma innretningar som er laga slik at vatn i rørsle skal gje ei oppleving til dei som ser på. Vatnet kan sprute som strålar opp i lufta, eller renne ut av eller nedetter innretninga, som gjerne er utforma som ein skulptur eller som eit kunstverk, men kan òg vere noko så enkelt som ein skål på sokkel som det renn vatn ut over kanten på. Fontener er ofte å sjå på offentlege plassar og i parkar i byar, i slottsparkar og større private hagar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]