Fools Rush In (Where Angels Fear to Tread)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fools Rush In (Where Angels Fear to Tread)»
Musikk av Rube Bloom
Skriven 1940

«Fools Rush In» er ein amerikansk popsong frå 1940. Teksten vart skriven av Johnny Mercer og musikken av Rube Bloom.[1]

Dei største hitversjonane av songen på den tida var av Tony Martin, Glenn Miller med Ray Eberle[2] og Tommy Dorsey med Frank Sinatra. Han vart òg spelt inn av Billy Eckstine. Songen vart populær att i 1960-åra som pop- og R&B-song, med nyinnspelingar av Brook Benton, Etta James og Ricky Nelson.[3]

Ricky Nelson-versjonen vart ein enorm hit og nådde 12. plassen på Billboard si popliste og vart den mest kjende versjonen av songen. Versjonen vart nytta i Kenneth Anger-filmen Scorpio Rising (1963). Doris Day og André Previn spelte inn ein duett for albumet Duet i 1965. Elvis Presley spelte inn songen i same stil som Ricky Nelson i 1971 og denne kom ut i 1972 på albumet Elvis Now. Bow Wow Wow spelte inn songen i 1980 på debutplata Your Cassette Pet. She & Him spelte Ricky Nelson-versjonen for Levi's Pioneer Sessions i 2010.[4]

Andre kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Furia, Philip (1990). The Poets of Tin Pan Alley. New York, Oxford: Oxford University Press. s. 270. ISBN 0-19-507473-4. 
  2. Gilliland, John (1994). Pop Chronicles the 40s: The Lively Story of Pop Music in the 40s (audiobook). ISBN 978-1-55935-147-8. OCLC 31611854.  Tape 2, side A.
  3. «CASH BOX Top 100 Singles». Cash Box Magazine. Henta 20. juni 2017. 
  4. «She and Him – «Fools Rush In»». Pretty Much Amazing. Arkivert frå originalen 19. oktober 2020. Henta 20. juni 2017. 
  5. Al Hirt, Trumpet and Strings Henta 8. april 2013.