Hopp til innhald

For Fattig og Rik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For Fattig og Rik
LandNoreg
TypeTidsskrift
Grunnlagd1848
Nedlagd2000

For Fattig og Rik var eit tidsskrift som vart utgjeve i tidsbolken 1848–2000. Det vart grunnlagt av presten Honoratius Halling . Det fekk undertittelen Et blad til Oppbyggelig Underholdning.

Frå starten var bladet privat. Deretter stod «Broderkredsen» i Oslo for utgjevinga. I 1895 overtok Det norske lutherske indremisjonsselskap. Frå 1909 var For Fattig og Rik det offisielle landsdekkande bladet til indremisjonsselskapet. For Fattig og Rik hadde ein sentral plass i norsk kristenliv. Johan Martin Wisløf og Ole Hallesby skreiv mykje i bladet. Det var oppbyggingsbladet med størst opplag i Noreg. Etter krigen fekk dei om lag 60 000 tingarar.

Då Det norske lutherske indremisjonsselskap vart samanslege med Den norske Santalmisjon i 2000, gjekk For Fattig og Rik og Santalen, santalmisjonen sit blad, inn. Den nye organisasjonen, Nordmisjon, gir ut bladet Agenda 3:16.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]