Forbesbreen i Graham Land
Forbesbreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 18 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Forbesbreen | |||
Forbesbreen er ein isbre som flyt vestover og ut i nordausthjørnet av Square Bay, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Han er 19 km lang, 7,5 km brei midt på og kring 3,5 km brei ved munningen. Den nedre delen av isbreen vart først kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Landmålingar vart fullført i 1946–48 av Falkland Islands Dependencies Survey som namngav breen etter James David Forbes, ein skotsk fysikar som var kjend for det banebrytande arbeidet sitt innan glasiologi.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Forbes Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 18. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Forbes Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).