Lyn i den øvre atmosfæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Figur som syner lys- og elektriske utladingsfenomen i den øvre atmosfæren

Lyn i den øvre atmosfæren er eit omgrep som stundom vert nytta om fleire fenomen som oppstår i den øvre atmosfæren i samband med lynførekomstar i den nedre atmosfæren. Dette vert òg kalla «forbigåande lyshendingar» (TLE), som er forskjellige former for lysglimt som oppstår i den øvre atmosfæren i samband med lynnedslag. Av slike fenomen finn ein såkalla raude andar (sprites), andehaloar, blå jettar, gigantiske jettar og alvar (elves).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1920-åra føresåg den skotske fysikaren C.T.R. Wilson at den elektriske nedbrytinga av eit lynnedslag burde skje i den øvre atmosfæren, høgt over dei store toreskyene.[1] Det var først 6. juli 1989 at dei første direkte visuelle bevisa på dette vart dokumentert av forskarar frå University of Minnesota. Fleire år etter dei vart oppdaga vart fenomenet kalla 'sprites' eller «andar» av forskarar på University of Alaska. Uttrykka raude andar og blå jettar vart populære etter at videoklipp frå eit forskingsfartøy som studerte andane i 1994 vart sirkulert.[2]

Lysandar[endre | endre wikiteksten]

Lysandar eller sprites er storskala elektriske utladingar som skjer over torevêr. Dei har forskjellig rekkevidd og form. Dei vert skapt av utladingar frå positive sky-til-bakke-lyn.[3] Fenomenet er kalla opp etter den vonde anda (luftanda) Ariel i Shakespeare sin Stormen. Dei har vanlegvis ein raud-oransje eller blågrøn farge. They normally are colored reddish-orange or greenish-blue, med hengande «tentaklar» under og ein «trekrone» over. Før dei oppstår kan ein stundom sjå ein kortvarig raudaktig halo.[4] Dei oppstår ofte i klynger og ligg 80 til 150 km over jordoverflata. Dei vart første gongen fotograferte den 6. juli 1989 av forskarar frå University of Minnesota og har sidan vorte observert mange gonger.[5]

Strålar[endre | endre wikiteksten]

Blåstrålar[endre | endre wikiteksten]

Blåstrålar skil seg frå andane ved at dei strøymer oppover frå cumulonimbusskya, typisk i ei smal kjegleform, til dei lågare områda av ionosfæren, 40-50 km over jorda. Medan raude andar oppstår direkte i samband med lynnedslag, oppstår ikkje blåstrålane nødvendigvis slik. Ein har derimot merka seg at det ofte er kraftige haglbyger når dei oppstår.[6] Dei er òg meir lyssterke enn andane og er, som namnet viser til, blå. Dei vart først fanga på film den 21. oktober 1989 over Australia. Blåstrålar oppstår ikkje like ofte som andane. I 2007 fanst det færre enn hundre bilete av dei til saman. Dei fleste av desse vart teken under fleire tokt utført av University of Alaska i 1994.[7].

Blå startarar[endre | endre wikiteksten]

Blå startarar var toppdaga på ein video teken om natta av eit forskingsfly rundt torevêr.[8] og ser ut til å vere eit oppoverretta lysfenomen nært knytt til blåstrålar.[9] Dei er kortare og meir lyssterke enn blåstrålar og når berre høgder på rundt 20 km.[10]

Gigantiske strålar[endre | endre wikiteksten]

Den 14. september 2001 tok forskarar frå Arecibo-observatoriet bilete av ein gigantisk stråle, som var over dobbelt så høg som tidlegare observerte strålar med ei høgd på rundt 70 km.[11] Jetten oppstod over eit torevêr over hav og varte under eit sekund.

22. juli 2002 vart fem gigantiske strålar mellom 60 og 70 km observert over Sørkinahavet frå Taiwan.[12][13] Strålane varte under eit sekund med former som forskarane samanlikna med tre og gulrøter.

Lysalvar[endre | endre wikiteksten]

Lysalvar (elves) oppstår ofte som utydelege, flate ringar på rundt 400 km i diameter, som typisk varer eitt millisekund.[14] Dei oppstår i ionosfæren 100 km over jordoverflata og over torevêr. Fargen deira var lenge ukjend, men ein meiner at dei har ein raudaktig farge. Alvar vart første gong oppdaga på ei romferje utanfor Fransk Guyana den 7. oktober 1990.

Namnet alvar kjem av det engelske elves som står får Emissions of Light and Very Low Frequency Perturbations from Electromagnetic Pulse Sources.[15]. Dette viser til prosessen som skapar lyset, eksiterte nitrogenmolkekly på grunn av elektronkollisjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Earle R. Williams. «Sprites, Elves, and Glow Discharge Tubes». 
  2. Red Sprites & Blue Jets - 1994 video.
  3. Boccippio, D. J.; et al. (August, 1995). «Sprites, ELF Transients, and Positive Ground Strokes». Science 269: 1088–1091. PMID 17755531. doi:10.1126/science.269.5227.1088. 
  4. Sterling D. Allen - Pure Energy Systems News (2005). «BLAM-O!! Power from Lightning». Pure Energy Systems. Arkivert frå originalen 19. oktober 2007. Henta 5. november 2009. 
  5. Walter A. Lyons and Michey D. Schmidt (2003). P1.39 The Discovery of Red Sprites as an Opportunity For Informal Science Education. American Meteorological Society.
  6. Fractal Models of Blue Jets, Blue Starters Show Similarity, Differences to Red Sprites
  7. 'Red Sprites & Blue Jets - the video'[1], 'Blue Jets & Blue Starters - the video'[2].
  8. ein kan sjå døme i klippet 'Blue Jets & Blue Starters - the video' [3].
  9. THE ROLE OF THE SPACE SHUTTLE VIDEOTAPES IN THE DISCOVERY OF SPRITES, JETS AND ELVES, arkivert frå originalen 16. mai 2008, henta 5. november 2009 
  10. Blue jets, arkivert frå originalen 11. mai 2008, henta 5. november 2009 
  11. V.P. Pasko, M.A. Stanley, J.D. Matthews, U.S. Inan, and T.G. Wood (14. mars 2002) "Electrical discharge from a thundercloud top to the lower ionosphere," Nature, vol. 416, s. 152-154.
  12. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016, henta 5. november 2009 
  13. Giant jets caught on camera, arkivert frå originalen 19. mai 2011, henta 5. november 2009 
  14. ELVES, a primer: Ionospheric Heating By the Electromagnetic Pulses from Lightning
  15. The Free Dictionary - ELVES