Forbrukarrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forbrukarrådet er eit statleg frittståande og uavhengig forvaltingsorgan, oppretta i 1953 for å fremme interessene til norske forbrukarar. Forbrukarrådet skal i følgje vedtektene vere uavhengig av kommersielle interesser og andre organisasjonar.

Formålet er å informere, dyktiggjere og vegleie forbrukarane, og å påverke forbrukarpolitikken og næringslivet til å bli meir forbrukarvennleg.

Organisasjonen er primært finansiert over statsbudsjettet, men har også hatt inntekter frå salet av Forbrukarrådet sitt blad, Forbruker-rapporten. Forbrukar-rapporten vart vedteke lagt ned, og kom med siste nummeret i februar 2010. Forbrukarrådet har hovudkontor i Oslo, og ti regionkontor i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Skien, Sarpsborg, Oslo og Hamar. Det er i alt 130 tilsette.

Forbrukarrådet blir leia av eit styre. Styreleiar frå 2008 er Inge Takle Mæstad. Direktør i Forbrukarrådet er Randi R. S. Flesland.

Forbrukarrådet får årleg i overkant av 130 000 telefonar på Forbrukartelefonen 815 58 200, og i tillegg aukar kontakten pr epost sterkt. Forbrukarrådet tilbyr også hjelp til å klage gjennom den interaktive tenesta «Klikk & Klag» på heimesida.

Saker for Forbrukartvistutvalet må først inn til mekling i Forbrukarrådet. Først når ei sak blir avslutta i Forbrukerrådet utan at partane har blitt samde, kan partane krevje saka inn for Forbrukertvistutvalet.

Forbrukarrådet har også medverka til å opprette en rekke bransjeklagenemnder, og i alle desse nemndene er det representantar fra forbrukerstyresmaktene og frå bransjen, samt ein nøytral leiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]