Fordøying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den kjøtetande soldoggplanten Drosera capensis var. alba fordøyer ein mygg.

Fordøying eller melting viser til den mekaniske og kjemiske nedbrytinga av komplekse næringsemne i organismar. Nedbrytinga gjev enklare stoff som kan absorberast av organismen og brukast i stoffskiftet hans. Prosessen består alltid av inntak, nyttiggjering av stoff og utstøyting av restar, men kan elles gå føre seg på ulike måtar.

Ein kan skilja mellom intracellulær fordøying, som skjer inne i enkeltceller, og ekstracellulær fordøying som hovudsakleg finn stad i fordøyingskanalen.

Pattedyr utfører fordøying ved å eta mat med munnen der dei bryt han ned mekanisk gjennom tygging med tenner og kjemisk gjennom enzym i spyttet. Maten går så ned matrøyret til magesekken der syre drep dei fleste skadelege mikroorganismane og fortset nedbrytinga. Næringsstoff blir tekne opp i tynntarmen og tjukktarmen før restane blir skilde ut som avføring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fordøying