Ford Madox Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ford Madox Brown
Ford Madox Brown.jpg
Fødd 16. april 1821
Calais
Død

6. oktober 1893
London

Yrke kunstmålar
'Arbeid', 1852-63
'Det siste av England', 1852-55

Ford Madox Brown (16. april 18216. oktober 1893) var ein britisk målar, kjend for sine historiemåleri og ein utprega grafisk versjon av den prerafaelittiske stilen. Sjølv om han var nært knytt Den prerafaelittiske brorskapen, var han aldri medlem av gruppa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Brown var fødd i Calais av britiske foreldre. Han utdanna seg i Belgia, Italia og Paris og vekte stor merksemd i 1844, då han i ein konkurranse om freskoar stilte med to historiske komposisjonar av mellomaldermotiv. Under eit besøk i Roma året etter, vart han inspirert av måleria til Friedrich Overbeck og Peter von Cornelius. I 1846 reiste han tilbake til London.

Han opponerte mot det akademiske måleriet som han meinte bestod av banale komposisjonar, teatralske figurar og tilsikta belysning i ateliera. Brown sine figurar skulle framstå som intense, både i uttrykk og i haldning. I 1849 stilte han 'Kong Lear forbannar Cordelia', samstundes som prerafaelittene Dante Gabriel Rossetti, William Holman Hunt og John Everett Millais for fyrste gong stilte ut sine verk. Browns neste måleri, 'Chaucer ved Edvard IIIs hoff', vart premiert.

Browns kanskje mest berømte måleri er 'Det siste av England' (The Last of England), ferdigmåla i 1855. Biletet portretterer eit par fattige emigrantar når dei seglar av stad på det skipet som fører bort frå England for alltid. Måleriet var inspirert av avskjeden til den prerafalittiske skulptøren Thomas Woolner som forlet England til fordel for Australia. Biletet er komponert i samsvar med Browns karakteristiske lineære energi, og med hovudvekta på tilsynelatande groteske og banale detaljer som til dømes kålhovuda som heng ned langs skipssida.

Browns viktigaste måleri er 'Arbeid' (Work), eit verk som vart til i åra mellom 1852 og 1863, og som han stilte ut i ei vandreutstilling. Bilete er lada av symbol, der kvar figur og person representerer ein bestemt sosial klasse og syner rolla den har i det moderne indsutrisamfunnet. Brown skreiv ein katalog som fylgde biletet gjennom utstillingane.

Mellom andre større verk av Brown er ein syklus på tolv måleri som viser byen Manchester si historie, til dels på ironisk og sarkastisk vis. Vidare måla verk som 'Kristus vaskar føtene til Peter' (1852), 'Elias vaker over sonen til enkja', 'Romeos avskjed frå Julie', 'Maria Stuarts siste stunder' og 'Cromwell'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ford Madox Brown