Ford Trimotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ford Trimotor

Ford Trimotor var eit tremotors sivilt transportfly, konstruert av William B. Stout hjå Henry Ford. Flyet hadde mange fellestrekk med Fokker sin Model 5-AT og vart produsert frå 1926 av Henry Ford. Produksjonen av flyet heldt på fram til 1933. I løpet av denne tida vart det produsert 198 eksemplar.

Ford Trimotor var eit populært fly, òg som militærmaskin, og vart selt over heile verda. I motsetnad til dei kjende bilane til Ford, produserte han ikkje sjølv motorane. Den seinare modellen (5-AT) hadde dei sterkare Pratt & Whitney-motorane. Flyet hadde eit skrog av korrugert aluminium (bølgjeblikk), som òg vart nytta på Junkers Ju 52 . På same måte som for bilane og traktorane til Ford var Ford Trimotor fornuftig konstruert og relativt rimeleg og påliteleg for si tid. Den raske utviklinga som fly gjennomgjekk på den tida gjorde likevel at Ford Trimotor relativt raskt vart utdatert. Den overlegne Douglas DC-2 vart konstruert i 1932 og flaug for fyrste gong 17. desember 1932. Dette flyet vart så populært at Ford mista interessa for vidare satsing på utvikling og produksjon av fly. Det skulle likevel ikkje verta Fords siste innsats i flyproduksjon. Under den andre verdskrigen bygde han den største flyfabrikken i verda og produserte tusenvis av B-24 «Liberator» bombefly. Dei var likevel konstruerte av andre.

Ford Trimotor har vunne legendarisk status. Det var arbeidshesten for flyselskapa på den tida. Det vart brukt av polfarere og andre oppdagarar, Richard Byrd kjøpte ein Fokker («Josephine Ford») for sin 15 timar lange (seinare kontroversielle) tur over eller i retning Nordpolen i 1926.

  • Det var ein Ford av ein forbetra konstruksjon («Floyd Bennet») som Bernt Balchen førte for Richard Byrd over Sørpolen 19. november 1929.[1]

Museums- og veteranfy[endre | endre wikiteksten]

Det er 18 kjende Ford Tri-motorfly på museum i USA. Ytterlegare to er flygedyktige og vert nytta ved spesielle høve, til filmopptak, ved flystemne o.l.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Bill Bryson. En sommer - Amerika 1927 kapittel 7.