Fordamping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flytande nitrogen blir kjølt ned for å avgrensa fordampinga.

Fordamping er ein faseovergang der atom eller molekyl ved overflata i eit stoff får nok energi til å gå frå ein lågare aggregattilstand til gass. Ofte vil dette seia å gå over i gassform frå væskeform, men ved sublimasjon kan eit stoff òg gå direkte frå fast stoff til gass.

For at eit stoff skal fordampa må det ha nok energi til å vinna over overflatespenninga. Fordamping skjer derfor raskare ved høgare temperaturar, der molekyla har meir energi, og i stoff med låg overflatespenning. Sidan berre få molekyl er nær overflata og rører seg i rett retning for å sleppa fri, er det avgrensa kor mange som kan fordampa. I tillegg vil dei raske molekyla som slepp unna føra til at resten av molekyla i gjennomsnitt har lågare rørsleenergi, slik at temperaturen i stoffet og dermed sjansen for fordamping vil gå ned.

Fordamping av vatn[endre | endre wikiteksten]

Om lag 90 % av vassdampen i lufta kjem frå havet. Fordampinga skjer når sola varmar opp vatnet. Vassmolekyla inneheld positive og negative elektriske ladningar. Så sjølv om molekyla er i rørsle er dei knytt saman av kreftene mellom ladningane. Oppvarminga fører til at vassmolekyla vibrerer raskare, og enkelte vassmolekyl klarar å bryte laus og flykte ut i lufta i form av damp. Jo meir vatn som blir varma opp, jo meir vassdamp blir tilført til lufta.

Ein nyttar fordamping i dagleglivet mellom anna når ein heng opp våte klede for å tørka dei.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]