Foreplay/Long Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foreplay/Long Time
Singel av Boston
frå albumet Boston
Utgjeve 7. januar 1977
Innspelt 1975–1976
Sjanger Hardrock, progressiv rock
Lengd 7:47 (2:25 for introen «Foreplay»)
3:05 (singel)
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Tom Scholz
Produsent John Boylan & Tom Scholz
Boston-kronologi 
«More Than a Feeling»
(1976)
Foreplay/Long Time «Peace of Mind»
(1977)


«Foreplay/Long Time» er ein song skriven av Tom Scholz og framført av det amerikanske rockebandet Boston på det sjølvoppkalla debutalbumet. Songen var òg gjeven ut som den andre singelen frå albumet, på Epic Records i 1976. Han kombinerer ein instrumental introduksjon kalla «Foreplay» med hovudsongen «Long Time». «Long Time» nådde 22. plassen på Billboard Hot 100 i veka som enda 5. mars 1977.[1] I Canada nådde songen niandeplassen på singellista.[2] Instrumentalen «Foreplay» vart gjeven ut som B-side til den neste singelen deira, «Peace of Mind», som kom ut i april.[3]

I eit intervju for Best of Boston sa Scholz at «Foreplay» var den første songen han spelte inn, og han gjorde dette på ein tosporsopptakar i kjellaren sin.[4] Scholz sa òg at det var det første musikkstykket han skreiv, og at han skreiv det heilt attende i 1969.[5][6][7]

Ein alternativ miks av songen finst på Epic Records-promoplata It's a Knockout.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Canada RPM[2] 9
Tyskland 39
U.S. Billboard Hot 100[8] 22
U.S. Cashbox Top 100[9] 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Canada[10] 95
U.S. Cash Box Top 100[11] 99

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Foreplay[endre | endre wikiteksten]

Long Time[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Rascal Flatts spelte inn ein versjon av «Foreplay/Long Time» på konsertane sine og gav han ut på albumet Rascal Flatts LIVE.[12]
  • Phish heldt ein konsert i Great Woods i Mansfield i Massachusetts der dei opna med «Foreplay/Long Time».
  • Jay Sekulow Band spelte inn ein versjon av «Foreplay/Long Time» og posta songen på Facebook-sida til bandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rock Movers & Shakers by Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
  2. 2,0 2,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 15. mai 2020. 
  3. «Peace of Mind». Hung Medien. Henta 15. mai 2020. 
  4. «Boston History». Boston. Arkivert frå originalen 1. juni 2012. Henta 15. mai 2020. 
  5. «Boston Musikars: Tom Scholz». Boston. Henta 16. mai 2017. 
  6. Koziowski, J. (1. januar 1977). «Boston: Of Basements, Beer and Bread». Henta 15. mai 2020. 
  7. Crowe, C. (10. august 1978). «Boston: The Band from the Platinum Basement». Rolling Stone. s. 37–42. 
  8. «Boston Chart History: Hot 100». Billboard Magazine. Henta 12. mai 2020. 
  9. «Archived copy». Arkivert frå originalen 17. juli 2015. Henta 16. juli 2015. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 15. mai 2020. 
  11. «Archived copy». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 26. juli 2016. 
  12. Craig, Bill (18. februar 2017). «Top 10 best Boston songs». AXS. Henta 15. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]