Forfar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forfar

Forfar.jpg
Plassering
Forfar is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Angus
Tradisjonelt grevskap Angus
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

13 206
Koordinatar 56°39′″N 2°53′″WKoordinatar: 56°39′″N 2°53′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DD8
Telefon-retningsnummer 0 1307
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Forfar

Forfar er ein by i regionen Angus i Skottland og er administrasjonssenter i regionen. Han har kring 13000 innbyggjarar. Tidlegare heitte regionen Forfarshire etter denne byen.

Forfar er marknadsby for landbruket i Strathmore i det sentrale Angus. Han er kjent for Forfar Bridies, ein halvrund pai fylt med kjøttdeig og lauk.

Byen ligg rett ved A90, vegen mellom Perth og Aberdeen. Han gjekk tidlegare rett gjennom byen, men det er laga ein ringveg for å føre trafikken utanom. Jernbanestasjonen til byen vart stengt i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til byen går tilbake til før romersk tid. Ein veit at piktiske leiarar møttest i ei festning ved Forfar for å planleggje korleis ein skulle slå tilbake dei invaderande romarane.

I 1215 vart dottera til leiaren av MacWilliam-klanen myrda på marknaden i Forfar, fordi faren hennar hevda at ho hadde arverett på grunn av slektskapar til Duncan II av Skottland. Ho var enno berre eit spedbarn då motstandarane til faren knuste hovudskallen hennar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]